Rekordmange lærarar har søkt om etterutdanning
Nesten 8.400 lærarar har i år søkt om vidareutdanning. Det er ein auke på over 1.000 samanlikna med i fjor, ifølgje Utdanningsdirektoratet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekord for etterutdanning
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier det høge søkjartalet viser at det er eit stort ønskje blant lærarar om å heve kompetansen.
LES OGSÅ: Meiner kunst- og handverk blir nedprioritert i Lærarløftet
– No er det viktig at kommunane godkjenner søknadane slik at lærarane kan få den vidareutdanninga dei ønskjer og treng. Regjeringa vil skjerpe krava til fagleg fordjuping for lærarar i matte, norsk og engelsk, og dette vil det vere kommunanes ansvar å følgje opp, seier Isaksen.
Leiar Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet meiner dette vil komme elevane til gode.
– Dette vil styrke opplæringa til elevane, og eg trur elevane vil møte endå meir motiverte lærarar, seier Lied til (©NPK) NRK.
LES OGSÅ: Lærarløftet: Slik skal elevane læra meir