Kan ha funne 1300 år gammal gud

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 00:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er dette ein 1300 år gamal gud?

Saka var først hos Kvinnheringen

Historieinteresserte Håkon Huse har dokumentert mykje lokalhistorie ved hjelp av metalldetektor. Likevel kjem ingenting i nærleiken av funnet han gjorde for eit par veker sidan.

– Det første eg såg då eg bretta opp jordlaget var eit svastikateikn, som i nyare tid har blitt meir kjent som eit hakekors på grunn av nazistane. Vidare avdekkja eg eit hovud, og ut frå utskjeringane i ansiktet skjønte eg at den måtte vera frå svært gamal tid, fortel Huse.

LES OGSÅ: – Harald Hårfagre vaks opp i Sogn

Funnet viste seg å vera ein 6,8 cm lang figur med hovud i begge endar, og i midten eit svastika med perfekte linjer. Litt av det eine hovudet på den truleg bronseforgylla figuren var øydelagt. Bortsett frå det var figuren heil og fin. Og det trass i at den berre låg ti centimeter nede i jorda.

– Det er ganske utruleg at den har klart seg så bra, og ikkje blitt øydelagd av landbruksmaskinar for lengst, påpeiker Huse.

Og professor Liv Helga Dommasnes ved Universitetsmuseet i Bergen er ei av ekspertane som er begeistra:

– Eit  svært spennande funn, som eg gler meg til vi på museet skal få sjå nærare på, seier ho.

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande