Håvar inn på ekteskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Saka var først publisert i Universitas.

Tyrkia. – Årsaka er enkel, me gifta oss fordi me var forelska, fortel Kübra. Ho er 23 år gamal og studerer i Istanbul.

Tyrkia har nyleg sett i verk ei rekkje tiltak for å auke talet på giftemål blant studentar. Myndigheitene lovar 10 000 tyrkiske lira, noko som tilsvarar 30 000 norske kroner, til unge par som vel å forsegla forholdet. Som ung nygift kan du òg oppretta ein sparebankkonto i staten, og om du i løpet av fem år klarar å halde fingrane av fatet vil du få 15 prosent av pengane utbetalt i tillegg. På toppen av det heile lovar staten å sletta studiegjelda.

– Kven vil vel ikkje ha økonomisk hjelp i dag? spør Kübra, og fortel at om ho hadde fått desse pengane i dag ville ho helst brukt det på eit kunstprosjekt som ho og mannen jobbar med.

Kübra er ikkje åleine om å synes at dette er ei god ordning. I følgje den nettbaserte nyheitskjelda Al-Monitor har 3 000 nygifte universitetsstudentar allereie søkt på støtteordningane.

LES OGSÅ: Tyrkia: Opphevar hijabforbud på skular

Kvinnekarriere
Professor Nermin Abadan-Unat ved Bosporos universitetet i Istanbul er ikkje einig i at dette er ei god ordning. Ho meiner det vil få store konsekvensar for kvinner, som ifølgje den tyrkiske helseministeren, Mehmet Muezzinoglu, ikkje bør prioritere ein annan karriere enn det å vere mor.

– Dette er ein del av fleire tiltak for å hindra fritt samliv mellom unge menn og kvinner. Regjeringa ønskjer at gutar og jenter ikkje skal vere tilstade samstundes i klasserommet, på sportsaktivitetar eller dele andre fritidssysler. Dei ser heller at kvinnas plass er i heimen, fortel Abadan-Unat.

Molekylærbiologistudenten Tuğba er òg ein av dei som ønskjer å søkja på statens støtteordning for gifte studentar.

– Eg syntes dette er eit godt initiativ. For universitetsstudentar er det vanskeleg å gifte seg på grunn av den økonomiske situasjonen. Denne ordninga gjer at det blir lettare å bli gift, seier ho.

Tuğba synes livet er annleis etter ho blei gift.

– Eg studerer, men samstundes må eg ta meg av husarbeidet. Ofte strekk ikkje tida til, seier Tuğba, som gifta seg for to år sidan, då var ho 21 år gamal.

LES OGSÅ: Stabile ekteskap med aborttilbod

Fornuftig giftemål
På bryllaupsdagen er ikkje nødvendigvis nervane i høgspenn. Kanskje er det ikkje kjærleiken som motiverer, men heller pengane. Det trur Einar Wigen, Tyrkiaforskar ved Universitetet i Oslo. Han meiner mange som i utgangspunktet er kjærastar, vil gifte seg for å spe på studentøkonomien.

– 30 000 kroner er mykje for ein tyrkisk student. Det er ikkje heilt ukjent at folk giftar seg for å få pengar, utan å ha ein plan om å vere gift livet ut.

Tal frå statens statistiske institutt, Turkstat, syner at skilsmisseraten i Tyrkia har auka med 30 prosent i løpet av ti år.

– Det har openbart blitt meir vanleg å skilje seg. Det overraskande er at det òg er vanlegare blant konservative, seier Wigen.

LES OGSÅ: Ser mot Tyrkia

Helst tre born
Den tyrkiske staten nøyar seg ikkje med å oppmoda til giftemål. Ifølgje Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan skal samlivet helst resultera i tre born. Staten sparar difor ikkje på pengane når moglegheita for å auke talet på innbyggjarar byr seg. For eitt born vil du motta omlag 900 kroner, for det andre bornet 1200 kroner og om du klarar å setje eit tredje born til verda vil utbetalinga vere omlag 1900 kroner.

Wigen meiner dei økonomiske godene til gifte studentar er eit verkemiddel for å auke nettopp befolkningsveksten.

– Det ligg ein sosial forventning i det tyrkiske samfunnet om å få born kort tid etter ein har gifta seg, helst skal ein bli foreldre i løpet av eit år, fortel han.

LES OGSÅ: Færre skilsmisser når kvinna har høg utdanning

Tvilar på befolkningsboom
Likevel trur ikkje Wigen tiltaka vil føra til fleire born.

– Dei som kjem frå samfunnslaga der utdanning uansett vil vere eit naturlig val, vil ikkje nødvendigvis sjå ein samanheng mellom det å gifte seg og å få born. Dei kan fort finne på å skilje seg etterpå, utan å ha fått born, seier Wigen, som ikkje kjenner nokre tyrkiske karrierekvinner som har meir enn eitt born.

Molekylærbiologistudenten Tuğba har ingen planar om å få born.

– Eg vil ikkje få born før eg er ferdig med å studera fordi eg ønskjer å oppdra borna mine sjølv. Eg vil ikkje overlata ungane til nokon andre, seier ho.

Uansett om ekteskapet fører til born eller ikkje, vel no fleire tyrkarar å ta forholdet til eit nytt nivå – i alle fall på papiret.