Kva tenkjer dei på, dei som kastar frå seg alt og satsar på musikken? Frøydis Erås frå Klepp er ein av dei.

Frøydis Erås har ikkje blitt trekt fram som Noregs nye pophåp, eller fått ei midtside i The Guardian som hyllar ho for den kompliserte kunstpopen som bryter ut av kalde Norden.

Frøydis Erås har spelt inn eit par låter og ein musikkvideo, har ikkje tent ei krone på det ho har gjort, og skal no flytta frå bandet ho har starta med.

Likevel er det musikken ho vil satsa på. Er det galskap å tru at akkurat ho kan bli den neste Susanne Sundfør?

LES OGSÅ: Silja Sol er årets Vestlandssatsing

Eit spark i ræva
– Det er noko eg alltid har tenkt på, men eg har aldri hatt sjølvtillit nok. Det verkar ofte heilt usannsynleg at det skal gå, seier 26-åringen frå Klepp i Rogaland.

Med bandet Sun Up skal sjølve verda erobrast. Det er London-basert, ein by Frøydis flyttar til når kjærasten flyttar dit. For å ha noko eige å driva med jobbar ho frilans som tekstomsetjar, og så treff ho bandmedlemma sine – Maxim, John, Howard og Lush.

– Det var flaks at eg traff dei, for dei var på same plass som meg, og me tenkte likt om musikken. Då bandmedlemma falt på plass måtte eg sparka meg sjølv i ræva for å gå vidare. Eg er eigentleg pinglete, og torer ingenting.

Det var ikkje det første røvsparket Frøydis måtte gi seg sjølv. Det første kom då ho gjekk på Complete Vocal Institute i København.

– Eg innsåg at eg berre måtte satsa, og eg trur ikkje eg kunne tilgitt meg sjølv om eg ikkje hadde gjort eit forsøk.

IMG_1187

I bandet SUN UP spelar Frøydis Erås med Maxim, John, Howard og Lush. Foto: Privat

LES OGSÅ: Rock i slow motion

Den gamle klisjéen
– Det er klisjeen det, hardt arbeid og gode låter, svarar Joakim Haugland på spørsmålet om kva som skal til for å lukkast som musikar. Han er programsjef for bransjetreffet by:Larm, og legg til kriteria «sterk idé» og «gjennomtenkt uttrykk» på lista si.

– Kan kven som helst klara det med hardt arbeid?

– Ja, eller ein må jo ha talent. Men det kjem jo ofte gjennom hardt arbeid. Det er som med alt anne her i livet, ein må villa det. Så må ein tora å gå utanfor dei opptrakka stiane, for der er det allereie fullt.

By:Larm har sidan 1998 vore ei scene og eit samlingspunkt for bransjen og dei unge, håpefulle. Veldig mange av dei store artistane me har i Noreg i dag har trakka sine barnesteg på by:Larm – det er eit springbrett.

Joakim Haugland har eit par klare tips til dei som faktisk vil satsa på musikken.

– Sats seriøst. Og lytt til mykje musikk frå heile musikkhistoria, det er den beste skulen. I dag har alle tilgang på alt med eit par tastetrykk. Då eg var ung på 90-talet brukte eg veker og månader på å skaffa meg den musikken eg ville høyra på. No ligg alt på Spotify og Wimp, og med den tilgangen bør ein lytta, lesa, læra og bli inspirert.

LES OGSÅ: Korleis me vart kvitt piraten i Noreg

Eit avstandsforhold
Frøydis og SUN UP skal ikkje spela på by:Larm – ho har enno ikkje fått den store hypen, men det er kanskje rett før?

– Eg håpar på det, men det er kanskje ikkje rett før.

No blir det litt vanskelegare – Frøydis flyttar tilbake til Noreg, medan resten av bandet blir igjen i London. Det skal løysast med mykje reising til og frå London. Bandet jobbar for å få meir pengar, slik at dei kan spela inn fleire låter. Så skal dei gi ut ein EP, spela konsertar – og så få litt merksemd.

– Det finst ein plan. Den verkar kanskje litt diffus, og er avhengig av mykje. Men eg trur det kan gå, skyt ho inn.

– Eg føler det må gå, eg har i alle fall tru på det me har laga. Men ein veit aldri om folk vil lika det du gjer, utdjupar ho, før ho tenkjer seg om.

– Eg anar ikkje, eigentleg. Eg berre kryssar fingrane, legg ho til.

Dette er musikkvideoen til låta Machines av bandet til Frøydis Erås. Den er laga av kjærasten, Mathias.

LES OGSÅ: Oddvar Torsheim – seig som sirup

Det uventa budsjettet
Musikarlivet kan ein sjå føre seg som ein fin draum – ein vaknar opp seint, sit med eit glas raudvin medan ein noterer eit par strofelinjer som syner seg å vera reine poesien, og seinare spelar du meisterverket ditt for eit lamslått publikum som berre vil ha meir av deg, deg, deg.

Slik er ikkje eigentleg musikarlivet, i alle fall ikkje i startfasen der Frøydis er no.

– Det som overraska meg mest er kor mykje faktiske forretningar det er i bransjen. Det er hardt arbeid, og mykje av det er keisamt. Ein må setja opp budsjett, møta folk, alt mogleg ein ikkje ser for seg i den romantiske musikardraumen.

– Har det gjort deg mindre motivert?

– Motivasjonen har nok ikkje endra seg så mykje. Det er berre veldig interessant, eigentleg. Eg har mykje å læra, og er dårleg til å hugsa.

Froydis1

– Det som overraska meg mest er kor mykje faktiske forretningar det er i bransjen. Det er hardt arbeid, og mykje av det er keisamt, seier Frøydis Erås. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Sender musikalske landeplagar til regjeringa

Spranget
– Kva må til for å tora å satsa?

– Det må nesten komma innanfrå. Det hjelp ikkje til sjuande og sist kva andre seier. Om ein ikkje trur på seg sjølv kjem ein ingen veg. For meg handlar det om sjølvtillit og det å tora. Ein må berre hoppa. If you're not uncomfortable, you're not growing. Eg hugsar ikkje kven som sa det, seier 26-åringen frå Klepp.

LES OGSÅ: Hot halling på by:Larm

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE