Ikkje bøy deg for mobilen
Om du stirar på mobilen med nakken bøygd i 60 graders vinkel, svarer belastninga på nakken til 27 kilo, viser ein amerikansk studie.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarane ved New York Spine Surgery & Rehabilitation Medicine i New York fann at folk held hovudet i denne vinkelen over smarttelefonar og nettbrett i to– fire timar om dagen, ifølgje den svenske nettavisa Arbetarskydd.
– Ledda og musklane i nakken klarer det ei kort stund, men sit vi så lenge, blir belastninga skadeleg og vi får vondt, seier fysioterapeut Mia Flygar Lechner i Friskispraktiken til avisa.
Her heime har mobilnakke vorte eit så stort problem at det i 2014 kom på ein sjuande plass blant årets nyord.