Anette Børve Hernes (17) vart historisk då ho denne helga vart tidenes første juniorverdsmeister i langdistanse sledehundekøyring.

mm

Til iFinnmark fortel den ferske, historiske verdsmeisteren frå Eidfjord i Hardanger at ho slett ikkje var sikker på sigeren før ho såg målsegla rett etter kl 13.30 søndag.

Hakk i hel hadde Anette Børve Hernes (17) fire yngre hundekøyrarar frå Alta. Berre minutt skilte dei første deltakarane, og innan ein halvtime var alle dei fem første i mål.

LES OGSÅ: Colombianaren er klar for Finnmarksløpet

– Ein fordel for meg
Av dei ni jentene som stilte til start i juniorklassen var Børve Hernes den einaste som hadde delteke i Finnmarksløpet før.

Ho kom på tredjeplass i fjor då juniorklassen i Finnmarksløpet vart avvikla for fyrste gong. Nytt av året var at dei for fyrste gong knivast om ein juniorverdsmeistertittel i langdistanse sledehundekøyring.

– Det var nok ein fordel for meg at eg hadde køyrt før, og eg kjente igjen dei ulike sjekkpunkta. I fjor venta og venta eg på sjekkpunkta, men i år visste eg kor sjekkpunkta låg, seier VM-vinnaren til iFinnmark.

Junioren har òg ein noregsmeistertittel frå Femundløpet 2014.

Snart senior
Juniorklassen har i likheit med dei andre klassane både start og målgang i Alta sentrum, men er kortare enn dei to seniorklassane som køyrer 500 kilometer med 8-spann og 1000 kilometer med 14-spann. Juniorane som er i alderen 15-17 år køyrer ei løype på 205 kilometer med 6-spann.

– Det var mitt siste løp som junior, og eg har lyst til å ta det neste steget, men om eg køyrer Finnmarksløpet neste år eller året etter er eg ikkje sikker på, avsluttar Børve Hernes.

Oppdatert: torsdag 2. november 2017 11.12

Kommentarar

ANNONSE