Colombianaren er klar for Finnmarksløpet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå Colombia til Finnmark

Saman med sambuaren Marit Beate Kasin har ho lada opp sidan august i fjor. Dei to har seksten husky-hundar som trenar jamleg saman med eigarane, og laurdag 7.mars går startsskotet for Finnmarksløpet i Alta. Marit skal køyre, Susana skal vera hjelpemannskap og stå på klar med nytt overskot undervegs.

Susana og Marit er busett i Øystre Slidre i Valdres. Dei er i starten av trettiåra og jobbar respektivt som it-forskar og journalist. Hundekjøring har denne vinteren kravd det meste av fritida, iallfall for Marit. Susana deltek i helgene.   

LES OGSÅ: Årets første utenatt

Mastergrad i Bergen og sommarjobb i D.C.
Carla Susana Assuad, til dagleg Susana. Oppvaksen i ein liten by i Colombia, no hardhaus og hundekøyrar i Valdres. Kva skjedde? Historia er lang og full av tilfeldige hendingar. Da ho var ferdig med ingeniørutdanninga i Colombia, reiste ho til New York for å presentere bacheloroppgåva si. Der møtte ho ein norsk professor som fekk sansen for arbeidet hennar, og før ho visste ordet av det, hadde ho byrja på ein master i systemdynamikk i Bergen.  

Susana ønskte seg vidare ut i verda. Ho søkte internship i Verdsbanken, og fekk det. Medan dei fleste medstudentar truleg sveitta over kassa-apparatet på Rimi eller sleit med tunge løft på gamleheimar, hadde Susana sommaren 2006 sommarjobb i Verdsbanken i Washington D.C. Ho jobba med reduksjon av CO2-utslepp, og var i fleire latinamerikanske land. Ho drog tilbake til Bergen, men var framleis med på prosjektet i Verdsbanken, og skulle tilbake når studia var i hamn.

– Det var Marit som føreslo at vi skulle byrje med det, seier Susana om hundekøyringa. – Eg ante ikkje kva hundekøyring var, men ho prata om hundar som skulle trekkje ein slede, og eg tenkte det høyrdes spennande ut. Foto: Privat

Ikkje noko DNT i Colombia
Så dukka Marit opp. Det passa ikkje inn i nokon planar. Men etter nok ein sving innom Verdsbanken, kom Susana tilbake til Noreg. Etter kvart vart det Valdres, og no vil ho og Marit vera der så lenge dei kan, trass i at ingen av dei er derifrå.

Susana har etter kvart merka at det er mykje som skil Noreg frå Colombia.

– I Noreg har ein respekt for den svakaste parten. Rett etter at eg kom hit, var det ein diger buss som stoppa for at eg skulle krysse gata, til og med utan at det var stopplys. Han måtte vinke oss over, vi forstod ingenting, ler Susana.

Og så er det dette med kjærleiken nordmenn har til naturen.

– Det er ikkje noko DNT i Colombia. Det er ein typisk norsk ting, understrekar colombianaren, som no pratar godt norsk.

Ho vedgå at det er mykje kriminalitet i det opphavlege heimlandet.

– Kriminalitet var ein del av oppveksten min, og det pregar meg. Det er ein av årsakene til at eg trivst så godt i Noreg. Eg var vitne til mykje grusamt da eg var liten, og det er slike ting som gjer at eg set pris på å bu ein fredeleg plass som Valdres, forklarar ho.

Susana jobbar til dagleg som rådgjevar i bedrifta si, Krystall Innsikt, og har byrja på ein doktorgrad ved Høgskolen i Gjøvik. Dermed kan ho både nyte naturen i ei lita fjellbygd i Noreg, og ha heile verda som arbeidsplass og oppdragsgjevar.

LES OGSÅ: Men, kva gjer du på om vinteren?

Naturopplevingar og personleg vekst
Men kvar kom eigentleg alle hundane inn i biletet?

– Det var Marit som føreslo at vi skulle byrje med det. Eg ante ikkje kva hundekøyring var, men ho prata om hundar som skulle trekkje ein slede, og eg tenkte det høyrdes spennande ut, fortel Susana.

Ei fiks ide har etter kvart vorte til kennel Vinterdans, som er lagnamnet dei startar i Finnmarksløpet med. Marit og Susana har etter kvart køyrt mykje, men Susana har ikkje vore med på så mange løp. Ho deltok på sitt første løp i januar i år, i Nord-Torpa. Det var på om lag 20 mil. Finnmarksløpet er 110 mil, i snø, kuling og frost. Turen går over vidda frå Alta til Kirkenes, og tilbake igjen. Sjølv om ho ikkje skal stå på sleden, skal ho likevel vera ute ei vinternatt av eige fri vilje.  Kvifor gjer dei dette mot seg sjølv?

– Konsept er interessant. Du er ute heile tida, du får ikkje hjelp av andre, og du søv ute med bikkjene. Personleg synest eg det er ei spennande utfordring. Det er kaldt, du er sliten, du må pushe deg sjølv, og du veks mykje som person. Koplinga du får med bikkjene, får du heller ikkje på ein vanleg tur. Når du er sliten, ser du på dei, og dei gjev deg energi, seier Susana, og legg  til at naturopplevinga også er eineståande.

– På slike turar ser ein ting ein ikkje ser elles. Soloppgang, solnedgang, nordlys og masse dyr.

Marit Beate Kasin stiller til start i Finnmarksløpet med 14 alaskan husky. Foto: Privat

Råkøyr sidan august
Marit har elska hundar heile livet.

– Det var det første eg såg da eg opna auga. Eg har hatt eigen hund sidan eg var tolv, forklarar ho.

Hundekjøring er derimot noko som har kome seinare, men pågangsmotet er ikkje desto mindre. Ho har lada systematisk opp til Finnmarksløpet sidan august i fjor.

– Det er fem-seks dagar i veka med trening. Ein må stå på sleden så mykje ein orkar fram til nyttår, for å få flest mogleg kilometer i beina på hundane. Det er veldig altoppslukande, konstaterer ho.

Marit kjører sleden over Finnmarksvidda, og Susana er såkalla handler. Ho bidreg med all hjelp det er mogleg å gje, utan å bli diskvalifisert. Ho følgjer med på veret og løpet undervegs, og dukkar opp på og i nærleiken av sjekkpunkta, det vil seie kvileområda. 

Sjølv om det var Marit som kom med ideen om hundekjøring, hadde ho neppe gjennomført han  utan Susana.

– Eg vegrar meg mot å ta avgjerder. Eg hadde neppe turt om ikkje ho hadde backa, vedgår Marit. 

Eit mål om å koma i mål
Ei veke før løpsstart, som er no på laurdag, reiste damene i Vinterdans nordover med to ekstra i mannskapet, og seksten hundar i hengaren. Susana seier dei ikkje forventar noko meir enn å koma heilskinna i mål.

– Målet er å fullføre. Så lenge vi kjem tilbake til Alta med alle hundane er vi nøgde. Mykje kan skje, især på den siste etappen. Den er over ti mil og vêrutsett. Dei fleste får «parkering» der, bikkjene vil ikkje gå lenger. Så når ein trur ein snart er ferdig, står den hardaste etappen att, minner ho om.

LES OGSÅ: – Eg hadde 200 hjarteslag i minuttet

Faktaboks

Finnmarksløpet er eit trekkhundløp som kvart år går i Finnmark. Dette løpet, som vert arrangert av Alta trekkhundklubb er det nordlegaste trekkhundløpet i verda. Start og målområde er i Alta. Frå det første løpet i 1981 har det utvikla seg både i lengd og i tal på deltakarar. Finnmarksløpet har to klassar. Den lengste klassa, FL1000, køyrer 1000 km. Her kan køyraren starta med opp til 14 hundar. Den kortast klassa, FL500, køyrer 500 km og har 8 hundar i spannet.