Fisk og folkemusikk

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka blei Thorbjørn Jagland kasta som leiar i Nobelkomiteen, slik at vi kunne oppsummere karrieren hans og late som om vi har meint det same heile tida. Det liker vi. Og ingen sjekkar.

Og ikkje minst: Vi kunne bruke ordet «knefall». Mange har spurt seg om det er mulig å sjå Jaglands avgang som eit knefall for Kina. Kinesarane har som kjent vore mugne etter at Nobelkomiteen og Jagland gav fredsprisen til regimekritikaren Liu Xiaobo i 2010.

Eg kan no avsløre at alt som skjedde med Nobelkomiteen denne veka, faktisk var eit knefall for Kina. Eg har nemlig fått tak i eit brev som Kina sendte for ikkje lenge sidan:
 

Hei, Norge/Nobel-komiteen (Det er jo det same).

Det er litt dumt at vi har eit såpass dårlig forhold for tida. Mest dumt for dykk, sjølvsagt. Vi er jo svære og ikkje spesielt demokratiske, så vi klarer oss alltids. Men det må vere litt slitsamt for dykk å bli mislikt av oss over tid. De har vel ein del fisk som skal seljast, og kanskje er det ein eller annan norsk folkemusikar som skal på turne i Asia for å vise at rytmar ikkje har grenser.

Så okei då.

Sidan de viste såpass med velvilje i den Dalai Lama-saka, så er vi villige til å gi litt vi også. Det kostar oss ikkje så mykje. Vi er som sagt svære og ikkje spesielt demokratiske.

Derfor er vi villige til å bli litt hyggeligare mot dykk, smile, kjøpe fisk og late som om vi er interessert i folkemusikken dykkar.

Men då må de naturligvis gjere fullstendig knefall i fredspris-saka. Norge må vise klart og tydelig at de angrar djupt og inderlig på at de gav prisen til Kina-fienden Liu Xiaobo.

Dette kan Norge vise ved å etterkomme følgjande absolutte krav frå oss:

1. Leiaren i komiteen som gav prisen til Liu Xiaobo, må gå.

2. Denne leiaren må bli erstatta av nokon som har ei heilt anna linje og som står langt unna den avgåtte leiaren på alle tenkelige måtar. For eksempel nestleiaren i den same komiteen.

3. Den avgåtte leiaren må i framtida få ein posisjon der han står så langt som mulig unna viktige avgjerder om internasjonal politikk og fredsarbeid. For eksempel medlem i Nobelkomiteen.

4. For å markere for heile verden at Nobelkomiteen er uavhengig av den norske politiske makta, så krev vi at det blir slutt på at komiteen kan bli leia av ein tidligare partileiar i Norges største parti. I staden foreslår vi at komiteen blir leia av ein tidligare partileiar i Norges nest største parti, så framt dette partiet stort sett meiner akkurat det same som det største partiet i internasjonale spørsmål. Dette er beinharde krav, det veit vi, men vi er trass alt Kina.

5. For å vise klart og tydelig at det er ei ny og anna tid, vil vi kreve utskiftingar i komiteen. Ikkje mange, men eit par kanskje, og då helst folk som ikkje er heilt ulike dei som satt der frå før. Igjen: Vi veit dette også er knallhardt, men hey! Det var de som begynte.

6. Han som alltid stod i bakgrunnen under kunngjeringa av prisvinnaren, må bli bytta ut med ein annan som står i bakgrunnen under kunngjeringa av prisvinnaren. Igjen: Jada, dette er tøft. Vel.

Suck it up, losers.

Det var det. Vi veit det er tøffe krav. Valet er dykkar. Etterkom krava. Elles kan de ta fisken og folkemusikken og stikke han ein viss plass.

Love and kisses,

Kina.


Først publisert i Aftenposten 7. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!