Feminisme på svensk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Malmö. 8.mars 2014: Ei gruppe feministar vert angripen med kniv av nynazistar etter å ha delteke på eit arrangement mot vald mot kvinner. Fire vert skada, ein mann kritisk.

I tida etter dette demonstrerer tusenvis av svenskar mot valden. Svensk feminisme skil seg frå norsk både i popularitet og ved å ta eit aktivt antirasistisk standpunkt.

Ei undersøking få 2014 syner at 47 prosent av svenskar kallar seg sjølv feministar, eit tal som har auka med 14 prosent sidan 2010.

Undersøkinga, som vart gjort av Sifo på oppdrag for Sveriges Radio i samband med valet ifjor, syner òg at heile 72 prosent av svenskane tykkjer likestilling er ei viktig sak når dei skal velja parti.

LES OGSÅ: Feminist, ja visst!

– Meir akseptert enn i Noreg
Ida Irene Bergstrøm, forskingsjournalist og skribent i magasinet Fett, meiner me har noko å læra av svenskane.

– Tala syner at feminisme i Sverige er meir allmenngyldig greitt og akseptert, enn i Noreg. Dei har ei breiare feministrørsle der mellom anna antirasisme er veldig viktig. Feminismen i Sverige er for mangfald og eit rettvist fellesskap, han er interseksjonell og tek ulike kvinner på alvor. Den breidda saknar eg i Noreg, seier Bergstrøm.

I tillegg til å ha teke ein master i kjønn og globalisering frå London har den norsk-svenske skribenten delteke i den feministiske debatten i både Noreg og Sverige.

På sjølvaste kvinnedagen 8. mars deltek ho på Rød lunsj på Blindern i Oslo, der ho mellom anna skal snakka om kvifor feminismen provoserer slik.

LES OGSÅ: – Eg(o) treng ikkje feminisme

Trur me at me er så likestilte
Ifølgje ei norsk undersøking er det berre 11 prosent i den norske befolkninga som kallar seg feministar. 4 prosent av norske menn og 19 prosent av norske kvinner kallar seg feministar. Talet på sjølverklærte feministar er noko høgare blant dei med høgare utdanning, og betydeleg høgare hjå Raudt- og SV-veljarar.

Undersøkinga er gjort av Norstat på oppdrag frå tv-produksjonsselskapet Funkenhauser, starta av Harald Eia og Bård Tufte Johansen.

– I Noreg har me vore meir oppteken av likestilling, som ikkje er like politisk visjonært. Saker om innvandrarkvinner har til dømes hamna inn under integreringspolitikken. I tillegg trur me at me er så likestilte og at alle partia er for dette, at me vert overraska når det kjem forslag som angriper abortlova, seier Ida Irene Bergstrøm, som viser til fjorårets store samlande sak: Reservasjonsretten.

Regjeringa sitt forslag om at legar skulle kunne reservere seg mot å henvise til abort fekk for eitt år sidan over 10.000 kvinner og menn til å gå i tog gjennom Oslos gater. Flesteparten fann sin plass under hovudparolen: «Forsvar abortloven – Nei til reservasjonsretten». Til samanlikning gjekk 1000 personar i 8.mars-tog i Oslo i 2013.

LES OGSÅ: – Lite å kjempe for

Konservative nordmenn
– Me er nok litt meir konservative enn svenskane, utan å vere klar over det, trurBergstrøm, som forklarar at det er meir konsensus om kvinners rett til sjølvbestemt abort hjå våre naboar i aust.

– Da dei svenske Kristendemokratarna kom inn i Riksdagen på 90-talet stilte dei seg bak den svenske abortlova som opnar for fri abort til veke 18, medan her i Noreg gjer KrF framleis alt dei kan for å endra abortlova.

Sverige fekk si første abortlov allereie i 1938. Den gong kunne ein få innvigsla søknaden sin om abort dersom livet og helsa til anten mor eller born var i fare, eller om ein hadde vorte gravid etter valdtekt. I 1974 fekk svenskane dagens abortlovgivnad, som er den mest liberale i Europa. Svenskane har fri abort til og med veke 18. Ifølgje NRK reiste 67 kvinner over grensa for å utføre seinabortar i Sverige i perioden 2008-2012.

Noreg si fyrste abortlov trådde i kraft i 1964. I likskap med svenskane måtte ein då søkje ei nemnd. I 1978 vart dagens lov om sjølvbestemt abort til og med veke 12 vedteken.

LES OGSÅ: Færre tenåringsabortar

RFSU og Ottar
I 1924 starta Katti Anker Møller Mødrehygienekontor i Oslo, som tok sikte på å førebyggja uønskte graviditetar gjennom seksualopplysning og tilgang på prevensjon. Kontoret møtte stor motstand frå religiøse og konservative krefter og vart til slutt stengt av okkupasjonsmakta under andre verdskrig, på oppfordring frå Nasjonal Samlings Kvinnegruppe.

Det svenske Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU) vart grunnlagt i 1933. Bergstrøm forklarar at organisasjonen, som er aktiv den dag i dag, er ei stor seksualpolitisk kraft i politikken og i folks liv.

Både medlemsbladet til RFSU og vår eigen kvinnegruppe har fått namnet Ottar etter RFSU-grunnleggjaren Elise Ottesen-Jensen sitt kallenamn.

RFSU har òg strukke seg ut over dei svenske landegrensene. I 1973 vart den norske avdelinga stifta og kondompakkane til RFSU er eit kjent syn i norske butikkhyller.

LES OGSÅ: Samlar seg bak SUSS-telefonen

Fenomenet Gudrun
Men attende til notida. I 2005 vart partiet Feministisk Initiativ (FI) grunnlagt.  Gudrun Schyman, som inntok leiarvervet i 2013, vert kalla eit fenomen.

«Vill du prata med mig? Jag kommer!» skriv Schyman på sine nettsider.

Sidan starten har det vore eit drøss med «homeparties», der ho sel feminisme ikkje Tupperware. Det har lønt seg.

I fjor fekk FI sitt første medlem inn i Europaparlamentet.

«Gudruns metode» kallar politisk redaktør i Dagbladet Marie Simonsen det og spurde om det tvingar seg fram eit tilsvarande parti i Noreg. Skal ein tru Schyman sjølv er det berre eit spørsmål om tid før Noreg kjem etter.

– Gudrun Schyman er heilt rå. Me har ikkje ein norsk Gudrun Schyman, men det er mange bra norske feministar som uttalar seg i media og står på og gjer mykje bra. Men i Sverige har òg dei som me ofte kallar annangenerasjons innvandrar ei anna stemme og tydelegheit i offentlegheita, seier Ida Irene Bergstrøm.

Sjå Gudrun Schyman snakka om feminisme i videoen under:

LES OGSÅ: – For meg er feminisme fridom

Statsministerens helsing
Politikken i Sverige er meir feministisk enn i Noreg. Medan SV er det einaste partiet på Stortinget som kallar seg eit feministisk parti, har Sverige både Sosialdemokraterna, Folkpartiet og Vänsterpartiet.

Den svenske regjeringa har sjølv uttalt at dei er ei «feministisk regjering» og nyleg skreiv statsminister Stefan Löfven eit brev som Bergstrøm tykkjer illustrerer situasjonen godt.

«Ned med patriarkatet,» skreiv Sveriges statsminister i eit dikt til Rättviseformedlingen då dei feira femårsdag 1. mars i år.

Initiativet tek sikte på å formidle kompetente stemmer som ikkje kjem ut i offentlegheita på bakgrunn av kjønn, bakgrunn eller andre faktorar.

– Eg ser ikkje for meg Stoltenberg eller Støre, som vert dei norske motpartane til Löfven skrive det same. Og sjølvsagt ikkje Erna, understrekar ho.

Bergstrøm har merka seg at ein i Sverige kan bruka ord som kjønnsmaktordning og patriarkat i den offentlege debatten, noko ho meiner me ikkje kan i Noreg.

I samband med statistikken om feministar i Sverige forklarte Löfven til Sveriges Radio kvifor han kallar seg feminist:

– Det er fordi eg ser at me har strukturelle bristar i samfunnet vårt, som gjer at kvinner diskriminerast, til dømes i styreposter, i arbeidslivet, lågare løn, fleire jobbar deltid enn menn, så det finst ei kjønnsmaktordning som me må gjera noko med, forklarar den svenske statsministeren.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

Langvarig bølgje?
Ida Irene Bergstrøm forklarar den svenske feministsuksessen med at dei har klart å skapa eit prosjekt som er for noko, framfor berre imot.

– Det har vært ein heilt annan energi i prosjektet. Det er mykje bra som skjer i Noreg med oppsvingen me ser no, men det er ikkje tvil om at dei har meir medvind i Sverige. Saka har større gyldigheit og legitimitet, forklarar feministen, som vonar den norske bølgja me har sett i det siste vil vara lenger enn dei tidlegare.

– Eg tykkjer det er trist og begredeleg at berre 11 prosent nordmenn kallar seg feministar, eg trudde me var fleire, seier Bergstrøm, som vonar å kome opp på same nivå som Sverige.

Høyr svensk-ugandiske Victoria Kawesa i Feministisk Initiativ fortelje korleis ho har opplevd å vekse opp i Sverige.