Reservasjonsrett, kva no?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I år vil eg gå i tog for likestilling generelt, fortel Anna Sofie Ekeland Valvatne (17).

Nestleiaren i Stord Ungdomsråd er ein av mange som i 2014 vart provosert over regjeringas forslag om reservasjonsrett for legar.

LES OGSÅ: Tar til motmæle mot reservasjonsrett

Reservasjonsretretten
Då regjeringa gjekk inn for at kommunane sjølv kunne bestemme om legane skulle ha rett til å reservere seg mot å vise til abort såg det ut til at Stord kommune kunne verte den første og einaste kommunen i landet til å innføra ordninga.

Men saman med ungdomsrådet tok Ekeland Valvatne affære og fekk politikarane til å snu, noko ho meiner er det viktigaste dei engasjerte ungdommane har fått til.

Forslaget om reservasjonsrett får æra for den rekordstore mobiliseringa på kvinnedagen i fjor. Over 10.000 kvinner og menn til å gå i tog gjennom Oslos gater. Dei fleste gjekk under hovudparolen: «Forsvar abortloven – Nei til reservasjonsretten». Til samanlikning gjekk 1000 personar i 8.mars-tog i Oslo i 2013.

Over heile landet såg ein eit rekordstort engasjement for kvinnesaka.

Samlande abortsak
Det har vorte snakka om ei feministisk bølgje. Forfattar, journalist og feminist Martha Breen er blant dei. I desse dagar lanserer ho boka «F-ordet. 155 grunner til å være feminist», saman med grafisk designer Madeleine Schultz, og teiknar Jenny Jordahl.

Spørsmålet er om bølgja vil vare. Kor stort vert oppmøtet i alle landets 8.marstog i dag?

Ida Irene Bergstrøm er skribent i magasinet Fett og har lenge vore oppteken av feminisme og likestilling, som ho merkar at har vorte meir populært i det siste. Særleg engasjementet rundt reservasjonsretten var spesielt.

– Abortsaka har alltid klart å samle folk frå ulike leirar, sikkert fordi ho er så tydeleg og grunnleggjande. Det er lett å skjøne. Det er vanskeleg å finne andre saker som er like klåre, og me må nok akseptere at ikkje alle saker er like tydelege og samlande. Alle vil ha likeløn, men det er eit vanskeleg reknestykke, meiner Bergstrøm, som framleis har eit stort tal saker ho tykkjer er verdt å gå i tog for i 2015.

– At me har kvinnelege au-pairar frå fattige land, som ikkje vert anerkjent som arbeidstakarar er nok til å gå i tog. Muniba Ahmad får drapstruslar fordi ho skriv at ho er like norsk som Hege Storhaug. Kvinner vert hesta på nett, og me har framleis ikkje likeløn. Det vil kome nye angrep på abortlova. Jenter er redde for å verte valdtekne på veg heim frå byen, attpåtil risikerer dei å sjølv få skulda viss det skjer fordi dei var fulle og hadde kort skjørt. Me kan ikkje snakke om mensen fordi det er ekkelt og transpersonar vert tvangssterilisert, seier Bergstrøm, som òg meiner at den norske feminismen må verte tydelegare antirasistisk.

Ekstremfeminisme
Anna Sofie Ekeland Valvatne er òg blant dei som meiner det framleis er saker å kjempe for, sjølv om ho personleg kjenner at ho har like store moglegheiter når det kjem til utdanning og karriere som menn.

For vidaregåandeeleven er det heilt sjølvsagt å kalle seg feminist.

– Ein vert ikkje sett ned på som feminist, men det er ein del feministiske bloggar på Tumblr som er ganske ekstreme. Der handlar det om at kvinner er meir verd enn menn og på grunn av dei kan det vere at ein del unge tenkjer at feministar er sinte og usaklege, trur 17-åringen.

Ekeland Valvatne tykkjer at det er vanskelegare å finne ut kva ein skal kjempe for i år enn i fjor og peikar på at likestilling er eit særs breitt tema, som handlar om begge kjønn, ulike religionar og kulturar.

Om feministbølgja vil vare er vanskeleg å svara på, men ein ting har tenåringen merka seg.

– Vår generasjon engasjerer seg meir, er høgare utdanna og respekterer kvarandre meir enn før, avsluttar den unge feministen.