Femi-nazi eller eyecandy

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om kvinnedelen har auka er dei redde for å markere seg som damer og forblir usynlege. Sjølv om eg ynskjer at dei skal stå fram og vise kven dei er har eg ein enorm sympati for at ein ikkje orker presset, seier Kristine Ask universitetslektor ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier ved NTNU til Framtida.

LES OGSÅ:«Herregud, ho er jo jente»

Kvinne 50+
I «Rapport om seksuell trakassering i online dataspill» kjem det fram at kvinner ofte skjular kjønnet sitt når dei speler, for å unngå trakassering.

Rapporten vart publisert i fjor haust av Ask og Stine H. Bang Svendsen.

Blant 935 deltakarar i heldt halvparten skjult kva kjønn eller legning dei var. Over halvparten hadde sett ord som slut, hore og fitte i bruk.

Samstundes har talet på jenter som speler aldri vore høgare.

Ifølgje ei britisk studie publisert i 2014 er over halvparten av dei britiske gamerane kvinner. Kvinnedelen blant gamerane i Storbritannia var då på 52 prosent, ei auke på tre prosent på tre år.

Fleire undersøkingar frå USA syner den same tendensen. Kvinner over 50 er den gamergruppa som aukar mest. I 2014 var 48 prosent av amerikanske gamarar kvinner, ifølgje Entertainment Software Association.

I tillegg var det fleire jenter under 18 år enn gutar under 18 år, som spelte.

LES OGSÅ: Litt gaming skadar ingen

Gamerstormen 2014
Menn dominerer framleis bransjen, men kvinner er på frammarsj. I fjor var 22 prosent av dei som jobbar med spelutvikling kvinner. Det er nesten dobbelt så mange som i 2009, ifølgje ei undersøking gjort av International Game Developers Association.

Presset mot synlege kvinner i gamingmiljøet kuliminerte i fjor haust då #gamergate fekk mykje omtale.

Kva #gamergate eigentleg er, får ein ulike svar på alt etter kven ein spør.

Ifølgje sjølverklært gamergatar og forfattar bak bloggen Spillredet.no, Fredrik Weisenthaunet, er det eit oppgjer med ein totalitær ideologi.

Tidlegare redaktør i Gamereactor og spill.no Jon Cato Lorentzen har følgt gamergate sidan starten, og forklarar fenomenet slik:

– Ifølge dei som identifiserer seg som gamergaters er det ei folkerørsle mot korrupsjon og sosiale agendaar frå journalistar og spelpressa. For utanforståande vert dei oppfatta som ein gjeng gamers med røter i hatkampanjar mot kvinnelege spelutviklarar og kritikarar, forklarar han til Framtida.no.

Ifølgje spelentusiasten er det framleis nokre tusen gamergaters som er aktive i sine forum, til dømes Redditforumet KotakuInAction, sjølv om det ikkje er like mykje fokus på gamergate som det var hausten 2014.

– Problemet når det er ei folkerørsle er at dersom nokon seier noko dumt, diskriminerer eller drapstrugar er det ingen som står ansvarleg, seier Lorentzen, som forklarar at hovudrørsla har moderert seg og tek avstand frå den omfattande hetsen dei har vorte sett i samband med.

Fleire som kasta seg på gamergate-bølgja var uttalte anti-feministar utan tilknyting til gamingmiljøet.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Hetsa dagleg
Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at gamergatarane har ei veldig direkte konfronterande tone og at det har gått ut over kvinnelege spelutviklarar og kritikarar som utfordrar kjønnsnormene.

Sosiolog og mediekritikar Anita Sarkeesian og spelutviklar Zoe Quinn (bildet) er nokre av damene som har fått kjenne på presset.

I 2012 starta Anita Sarkeesian i Feminist Frequency ein Kickstarter kampanje for å finansiere ein Youtube-serie om korleis kvinner vert framstilt i dataspel. På ein månad fekk videoprosjektet «Tropes vs Women in Video Games»inn nærare 160.000 dollar frå nesten 7000 bidragsytarar. Det var langt over målsettinga om 6000 dollar.

Nyleg publiserte Sarkeesian eit innlegg på sin blogg der ho forklarar korleis ho sidan dette har vorte trakassert dagleg av rasande gamerar. For å syne omfanget av problemet har ho lagt ut ei veke med hatefulle Twittermeldingar frå januar.

LES OGSÅ:1 av 10 jenter har opplevd overgrep

Dokumentaren «GameLoading: Rise of the Indies» er finansiert gjennom kronerulling på Kickstarter.

Ikkje lenger i sentrum
I dokumentaren «GameLoading: Rise of the Indies» som hadde premiere 5. mars fortel Zoe Quinn og fleire andre kvinnelege spelutviklarar om trakassering, fordommar og ein bransje som er vanskeleg å kome inn i som kvinne.

Lorentzen meiner at gamergate-rørsla, som kuliminerte med anklagene frå ein ekskjærast om at den kvinnelege spelutviklaren Zoe Quinn hadde hatt sex med ein journalist for omtale, kjem av ei ulming som starta lenge før.

Ifølgje spelmeldaren kan mykje av frustrasjonen og misnøya sporast attende til då mobilspela og Nintendo Wii i større grad venda seg mot nye kundegrupper for 6-7 år sidan. Det sette den opphavlege gamaren på sidelinja.

– Det er ein reaksjon på at dei har hatt sin vesle private kultur, som no har vorte så stor og omfattande. Tidlegare var dei ei lita gruppe der alle dei kule actionspela var laga for dei. Med Zoe Quinn vart det trukke ei linje i sanda og sidan har det vore krig, seier Lorentzen, og utdjupar:  

– Gamergaterane vert kjenneteikna av at dei er heilt avhengig av å ha ein motstandar, på same måte som Pegida er avhengig av islam for sitt fiendebilete. Om gamergaterane ikkje lenger finn det dei meiner er døme på korrupsjon og lysskye aktivitetar i spelpressa eller sitat frå spelutviklarar og skribentar som dei føler angrip gamerkulturen deira, så opphøyrer òg eksistensgrunnlaget deira,forklarar Lorentzen.

Sjølv meiner spelmeldaren at sakene gamergate er oppteken av er ikkje-saker, og at rørsla med sin agenda har misforstått journalistiske prinsipp og sosar saman kjeldenettverk med venskap og kritikkverdige presseforhold.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

Identitetskonflikt
Spelkulturen er framleis ung, men har vekse seg stor på kort tid. Kristine Ask meiner mykje av den interne konflikten står om kva spelkulturen skal vere – ein hypermaskulin fristad eller eit inkluderande miljø.

– Gaming er eit stort identitetsprosjekt. For mange er det noko ein kom til fordi ikkje passa inn andre stader. Det å vere ein gamer er difor å  verne om ein form for identitet, som absolutt er meir mannleg enn kvinneleg. Det er laga ei fortelling om at jenter som speler gjer det for merksemd, forklarar forskaren, som i eit blogginnlegg på Spillpikeneser nærare på 8 grunnar til kjønnsforskjellar i spel.

Her peikar ho mellom anna på sexistisk marknadsføring og mangel på rollemodellar.

Nyleg bestemte Hearthstone-spelaren Hyerim «MagicAmy» Lee (bildet) seg for å forlate laget Tempo Storm etter ein rykteflom om at ho ikkje spelte sine eigne kampar, men at ein mannleg spelar stod bak det heile.

Ask meiner at bransjen sjølv er med å halde i hevd kjønnsrollene når jenter ikkje vert verdsett som dyktige spelarar.

– Når esportlag lag hyrer inn jenter vert det ofte lagt vekt på at ho er pen. Esportdamer vert framleis redusert til eyecandy, forklarar forskaren, som ikkje ser lyst på situasjonen slik han er no.

Ask ynskjer seg fleire kvinnelege spelutviklarar, journalistar og kritikarar, som kan endre stereotypiane og gjere det lettare å vere kvinneleg gamer.

– Seksuell trakassering er diverre ganske utbreidd. Det er ikkje kjønnsfridom om ein ikkje kan vere open om kva kjønn ein er. Mange speljenter blir verande i skapet for å sleppe uønskt merksemd. Forskinga seier klårt at det har konsekvensar for jentene. Dei tek atterhald mot ekstra merksemd, mellom anna gjennom kva spel dei speler, korleis dei ter seg og kven dei speler med. Kvinner har mindre fridom til å uttrykke seg og gjere som dei vil i spel, forklarar Ask.

LES OGSÅ: Sportsstipend for dataspel

Taus majoritet
Lorentzen har inntrykk av at miljøet for kvinner i det norske gamingmiljøet er betre, fordi Norden er kome langt i likestillinga.

Og ifølgje speljournalisten er det mykje plass til kvinner i spelbransjen.

– Det er mange som set veldig pris på jentene og dei synspunkta dei kjem det. Det er ein stor taus del av gamerane som ikkje har tid eller ork til å engasjere seg på noko side av debatten, som set pris på mangfaldet.

Han meiner at det aldri har vore betre å vere gamer, i ei tid då spellandskapet er breiare enn nokosinne, og oppmodar difor gamergatarane til å spele meir og klage mindre.

– Målet er å gjere dataspel like tilgjengeleg for alle og at ingen skal vere redde for å vise kven dei er. Internett er ein nådelaus plass og gamersamfunnet må generelt verte mildare, avsluttar Lorentzen.