Misbruker bilete av drapsoffer på rasistisk Twitter-konto

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Misbrukt på rasist-side

Artikkelen var først hos Porten.no

Den 4. november 2013 blei Margaret Molland Sanden frå Årdal og to andre personar drepne på Valdresekspressen. Drapsmannen var ein 31 år gamal asylsøkar frå Sør-Sudan.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep

No blir blir biletet av 19-åringen misbrukt som profilbilete på ein høgreekstrem Twitter-konto, skriv TV 2. Det reagerer familien hennar sterkt på.

– Ytringane som kjem fram står i sterk kontrast til dei haldningane som Margaret stod for, seier familien via sin advokat Maria Kirkeeide Ravnå.

Twitter-kontoen som nyttar biletet av 19-åringen som profilbilete sprer grove rasistiske meldingar og har 3520 følgjarar.

TV 2 skriv at familien hennar har anmeldt forholdet til politiet, som no etterforskar saka. 

Den 31 år gamle asylsøkaren som drepte Sanden og to andre personar på Valdresekspressen skulle eigentleg sendast ut av landet dagen etter hendinga. 

Han blei pågrepen, men i haust hoppa han frå eit tak i Bergen fengsel og døydde seinare av skadane.

LES OGSÅ: Forbrytarskulen