Kritikarprisen til Ingvild H. Rishøi

Ingvild H. Rishøy får kritikarprisen for beste skjønnlitterære vaksenbok for «Vinternoveller».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen vart delt ut på Litteraturhuset i Oslo torsdag formiddag.

Rishøi fekk i fjor haust Brageprisen i open klasse for novellesamlinga. Ho har tidlegare også fått Per Olov Enquist-prisen og Sultprisen. I «Vinternoveller» fortel ho tre kjærleikshistorier.

LES OGSÅ: Rune Belsvik var nominert: – Nøkkelordet er oppriktgheit

Kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne går i år til Tore Rem for «Knut Hamsun – Reisen til Hitler». Prisen for beste omsetting får Hege Susanne Bergan for «Bønn for Tsjernobyl – En fremtidskrønike» av Svetlana Aleksijevitsj.

Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok går til Gro Dahle og illustratør Svein Nyhus for «Akvarium». Guri Fjeldberg i Bergens Tidende er kåret til Årets litteraturkritikar.

Det er Kritikerlaget som delar ut kritikarprisane. Vinnarane får eit trykk av Niclas Guldbrandsen. (©NPK)

LES OGSÅ: Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk