Solberg teke på senga av Høgre-brev om kommunereforma

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solberg teke på senga av Sp

Senterpartiet (Sp) refererte til eit brev som har gått ut frå Høgre sentralt til ordførarar og tillitsvalde rundt om i landet. I brevet står det at dei lokale politikarane bør jobbe mot at det blir gjennomført lokale folkeavstemmingar om kommunesamanslåingar. I brevet heiter det at folkeavstemmingar ofte utartar til «synsing og usakligheter».

LES OGSÅ: Ungdom krev ein ambisiøs statsminister

Partikontoret ber også dei tillitsvalde sette krav om minst 75 prosent valoppslutning og minimum 60 prosent fleirtal for at Høgre-representantane skal lytte til råd frå folket.

– De kallar det ei demokratireform – då er det urovekkjande at det Høgre fryktar mest er folket, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i spørjetimen og minna samtidig om at valdeltakinga ved lokale val vanlegvis ligg på rundt 64 prosent.

– Det høyrest ut som eit litt spesielt brev frå vårt partikontor med desse krava, svarte statsminister Solberg.

– Men eg lurer på om det kan ha fått inspirasjon frå Sps haldning til folkeavstemmingar om EU-spørsmålet. Eg meiner vi ikkje skal la oss inspirere av Sp på dette punktet, la ho til. (©NPK)

LES OGSÅ: – Slutt med å laga barn og engasjer dykk