Ungdom krev ein ambisiøs statsminister

Klima- og utviklingsengasjert ungdom møtte torsdag statsminister Erna Solberg for å fortelje kva dei ønskjer at Noreg må gjere for å sikre berekraftig utvikling.

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdommens krav til Erna

Møtet mellom statsministeren og dei femten ungdommane fann stad på Statsministerens kontor i samband med lanseringa av den globale kampanjen Action 2015.

LES OGSÅ: Erna rosar regnskogtiltak

– Verda er urettferdig
I Noreg skal kampanjen løfte fram engasjementet og dei gode initiativa som set søkjelyset på miljø og utvikling i det norske sivilsamfunnet. Over 30 norske organisasjonar som jobbar med miljø og utvikling, er med på kampanjen.

På møtet kravde ungdommane at Erna Solberg skal vere ambisiøs på vegner av framtida deira, og seier dei skal følgje med på forhandlingane gjennom heile 2015.

– Eg synest det er urettferdig at gode ikkje når ut til alle. Eg ønskjer derfor at Noreg skal bidra til å gjere ein forskjell, fordi eg veit at verda er urettferdig, seier Natalie Andersen (15) frå Malm, på nettsidene til organisasjonen.

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet

Heimeklima
Andres Rudningen (15) frå Hemsedal seier han er oppteken av at Noreg tek ansvar i klimaforhandlingane – også på heimebane.

– Fordi det bør bli lettare for nordmenn å velje meir miljøvenlege løysingar i kvardagen og på den måten vere med på å redusere klimagassutslepp, seier 15-åringen på same nettstad. (©NPK)