I dag stemte Elevtinget fram Amnesty-prosjektet «Det er min kropp!» som årets OD-prosjekt.

mm

«Det er min kropp!» handlar om seksuelle og reproduktive rettar for ungdom i Chile, Peru og Argentina. Målet er å nå ut med naudsynt opplæring, prevensjon og helsetjenester.

– Me i Amnesty er stolte og ydmyke over at vårt prosjekt vart stemt fram til å bli årets Operasjon Dagsverk. Me lovar å ta vare på tilliten som Elevtinget viste oss i dag, og me gler oss til eit godt samarbeid framover, seier generalsekretær John Peder Egenæs i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Jobben er litt småklein

Mange tenåringsgraviditetar
Elevtinget er Elevorganisasjonen sitt årlege landsmøte. I år var 500 elevrådsrepresentantar samla for å mellom anna stemme over kva som skulle verte årets OD-prosjekt.

Amnesty International Norge vann i tøff konkurranse med Naturvernforbundet og Natur og Ungdom sitt prosjekt for klimaflyktningar og KFUK-KFUM Global sitt fredsprosjekt i Gaza.

Amnesty er uroa for det høge talet på uønskte tenåringsgraviditetar i Sør-Amerika, som følgje av dårleg tilgang på seksualopplæring, prevensjon, helsetenester og trygge, lovlege aborttilbod.  

På nettsidene sine skriv Amnesty at ungdom i Chile, Peru og Argentina blir nekta seksualundervisninga dei har krav på etter lova, fordi mange vaksne meiner at dei ikkje treng det.

Amnesty er òg uroa for at seksuelle tabu gjer situasjonen vanskelegare for til dømes overgrepsoffer og skeiv ungdom.

Prosjektet tek sikte på å utdanna ungdomsleiarar, som kan danne sterke nettverk og læra opp ungdommar i praktisk påverknadsarbeid. Slik kan dei òg påverke skuleleiing og helsemyndigheitene til å gje dei informasjonen og tilbodet dei har krav på.

LES OGSÅ: 40.000 drepne kvart år

Engasjerande tema
Den 29. oktober i år skal kring 100.000 norske elevar ut i arbeid for å samle inn pengar til saka. 

– Me ser veldig fram til å samarbeide med Amnesty International Norge og ikkje minst starte på arbeidet med ein kampanje som vi veit vil engasjere elever over heile landet, seier leiar av Operasjon Dagsverk, Hanna Aasen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE