Ikkje så jævla moteriktige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet var først hos Under Dusken

Han har behov for å vise fram det han føler, for å skrike noko ektefølt inn i mikrofonen. Det var lite nytt å hente i dei gamle bandprosjekta. Motorpsychos Bent Sæther og Kenneth Kapstad skjønte kva han meinte. Saksofonist Rolf Martin Snustad kunne også bidra, og slik såg superkvartetten Spidergawd dagens ljos, med vokalist Per Borten i spissen. Andreplata Spidergawd II blei sluppe for ein drøy månad sidan. Mottakinga har bestått i nesten utelukkande skamros.

LES OGSÅ: Silja Sol er årets vestlandssatsing

– Eg las èin engelsk omtale eg fann på nett, der journalisten var sur fordi me ikkje var meir innovative. Då kan ikkje eg hjelpe, heile greia med bandet er jo å sleppe det, å vere så jævla moteriktige.

Dette fortel Borten over telefon på veg til konsert i Skien. Noreg og Europa ligg klare for deira føter.

– Me legg mest ressursar i å turnere i utlandet, det må jo seiast. Marknadane er mykje større i Europa for rock’n roll, rett og slett fordi det er eit større antal menneske som høyrer på det.

LES OGSÅ: Rocketerapien

Med kvar sin ryggsekk
I Spidergawd møter fire personar kvarandre. Alle har ulike bakgrunnar og erfaringar, noko som er med på å gi bandet dets unike lydbilete. Referansepunkta er forskjellige.

– Me har jo alt frå jazz og klassisk hjå han eine, til fusion og metal hjå ein annan ein, så det er eit ganske stort spenn.

Inspirasjonen kjem frå ulike hald og Borten fortel at dei meir eller mindre føler seg fram til låtene.

– Dei ideane me startar med kan ofte vere ganske små, så kjem alle samen med sine ryggsekkar og dreg i dei på sin måte. Kanskje spesielt bassisten, han har ganske stor ryggsekk når det kjem til sånt.

LES OGSÅ: Thea Hjelmeland sitt år

– Å gå skikkelig på fylla
Borten har erfaring frå band som Cadillac, Moving Oos og New Violators. Han vil at musikken han lagar skal reflektere akkurat det han føler der og då.

– Musikken til Cadillac var meir aggressiv, noko som stemmer med korleis eg var som person då. Eg har ikkje den same aggresjonen lenger. No er det meir musikk for musikken sin del.

Han presiserer kor viktig det er at det han leverer er ekte. Alternativet har han prøvd, å stå og spele det han kallar coverlåter av seg sjølv. Han forklarer at slikt fort kan føre til krise i kjenslelivet, og at det kan kome til uttrykk på usunne måtar. Borten bekrefter at det var slik Moving Oos kjendes på slutten.

– Ein gleda seg ikkje til å fare på turné lenger. I frå ein sette seg i turnébussen hadde ein lyst at det skulle vere ein einaste stor fest, fordi ein ikkje hadde noko å melde på scena. Ein ville berre ha det beste ut av det, som i ein slik samanheng betydde å gå skikkelig på fylla.

Godt er det då for deg og meg, at han saman med dei andre gutane danna Spidergawd.

LES OGSÅ: Korleis me vart kvitt piraten i Noreg