Nasjonalbanken i ein av dei største oljeaktørane seier at solkraft vil lønna seg mykje meir enn oljen i tida som kjem.

Treehugger skriv om ein fersk rapport frå nasjonalbanken i Abu Dhabi, som no seier at fossile brennstoff ikkje lenger kan konkurrera med solteknologi på pris.

Abu Dhabi, som er basen for det fjerde største oljeselskapet i verda, meiner at storparten av energibehovet dei neste tjue åra vil bli dekka av fornybare kjelder, skriv Treehugger.

LES OGSÅ: Bangladesh satsar hardt på solkraft

Årsaka til konklusjonen er at teknologien og materiala som blir brukt for å samla inn solkraft har blitt enormt mykje billigare dei siste åra, og at effekten av solpanela har blitt større. No er solenergi så billig at oljen ikkje lønnar seg, sjølv med ein pris på 10$ fatet.

– Kostnaden er ikkje lenger ein grunn til å ikkje satsa på fornybar energi, står det i rapporten.

LES OGSÅ: Produksjonsrekord av vindkraft i fjor

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE