Sogn og Fjordane Mållag har gitt målprisen sin til Handelshuset i Førde i Sunnfjord.

(NPK):
(NPK):

– Handelshuset har lenge laga flotte og profesjonelle publikasjonar der mesteparten av reklametekstane er nynorske. Bak dette ligg eit stort ekstraarbeid frå Mariann Njøsen og medarbeidarane hennar, sa Aud Lunde, leiar i Sogn og Fjordane Mållag seg då ho delte ut prisen til butikksenteret ved Mariann Njøsen.

LES OGSÅ: Førde vil bli nynorskbyen

Målprisen er kunstverket «Susanna frå Sunnfjord» av Oddvar Torsheim, påteikna ei særskilt helsing til vinnaren frå kunstnaren. Utdelinga fann stad på Skei under årsmøtet til Sogn og Fjordane Mållag laurdag 28. februar.

Handelshuset i Førde er i ferd med å bli ein del av Amfi som er største gruppa av kjøpesenter i landet. Der er rundt 70 av dei no samla og rundt 5 av dei brukar mest nynorsk. (©NPK)

LES OGSÅ: Aukar talet på nynorske lettlestbøker

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE