Jimmy Kimmel tek eit oppgjer med anti-vaksine-røyrsla ved å få vanlege, og oppgitte, legar til å sei kva dei meiner. Sjå video her!

I den siste tida har det vore ei urovekkande utvikling i sjukdomsbiletet i deler av verda. Det er ikkje snakk om ebola eller malaria, sjukdommar som framleis er eit kjempeproblem i område der det er vanskeleg å hjelpa. Her er det snakk om sjukdommar som var så godt som utrydda, og som no dukkar opp i dei rikaste delane av verda.

LES OGSÅ: – Me er ganske dødsdømt

Det er snakk om meslingar og koppar, som gjer eit comeback på grunn av foreldre som ikkje vil vaksinera ungane sine.

Jimmy Kimmel, ein av dei største talkshow-vertane i USA, samla saman ei gruppe legar for å forklara kvifor vaksinar er viktig – og dei gjer det sjølvsagt på ein veldig artig måte.

Sjå video her!

LES OGSÅ: Vil ha hepatittvaksine for barn

– Meir redd for gluten enn koppar
Jimmy Kimmel innleia klippet med å snakka til publikum om situasjonen.

– Det er mogleg dette er meir alvorleg i Los Angeles enn andre stader, men det er ei lita, og likevel viktig, gruppe menneskjer som veljer å ikkje vaksinera barna sine. I Los Angeles finst det skular der 20 prosent av barna ikkje er vaksinert. Det er fordi foreldra deira er meir redd for gluten enn for koppar, seier Kimmel.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE