Desse får Fritt Ord-millionane
Fritt Ord gir 5,15 millionar kroner til «Kvalitetsjournalistikk i ny tid». Framtida.no får 100.000 kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stiftinga Fritt Ord set av 10 millionar kroner til satsinga på kvalitetsjournalistikk. I første søknadsrunde blir 5,15 millionar kroner delt ut.
– Me fekk inn ei imponerande mengd gode søknadar allereie i denne første søknadsrunden. Fritt Ord er glad for å kunne støtta så mange sterke prosjekt, seier Georg Fr. Rieber-Mohn, styreleiar i Stiftelsen Fritt Ord, i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Difor vinn alltid penn over våpen
Klima, forsking og unge i Europa
Av 68 søknadar som kom inn har 32 fått ja. Pengane skulle i denne runden gå til journalistikk på seks område: Noreg sitt forhold til EU og Europa, klimaspørsmål, journalistikk og debatt i lokalsamfunn, journalistikk for unge mediebrukarar, undersøkande journalistikk på lite dekka felt og stønad til frie spaltistar med publiseringsavtale.
Mest stønad fekk Norsk Telegrambyrå, eller NTB, for si satsing på klimaspørsmål. Det var i alt mange klimaprosjekt som fekk stønad. Mellom anna får Framtida.no 100.000 kroner for glokal journalistikk om mediespørsmål.
Du kan sjå heile lista under.
LES OGSÅ: Journalisten fryktar for livet
Desse får pengar frå Fritt Ord:
Marta Breen, kommentator i Dagsavisen – 75 000
Anders Sømme Hammer, reportasjar frå Syria, Irak og Afghanistan – 250 000
Tarjei Leer-Salvesen, Plot, artikkelserie om klimahåp – 75 000
Kristian Mendoza, reportasjar i Utrop, det fleirkulturelle Norge – 30 000
Kommunal Rapport, leverandørdatabasen – 400 000
Ragnhild Enoksen, reportasjar i Nordlys, val ved livets slutt – 25 000
Webjørn Swendsen Espeland, NRK P3, unge i Europa – 30 000
Romsdals Budstikke, lokal debatt – 150 000
Forskning.no, kan vi stole på forskinga? – 200 000
Forskning.no, kvifor er nokre forskarar og forskingsmiljø uproduktive? – 250 000
Lars Akerhaug, artikkelserie om muslimske konvertittar – 60 000
Dagbladet, sakprosa-anmelderi – 200 000
Dagens Perspektiv, ny satsing på Europa – 200 000
Harvest Publishing, klimaspørsmål – 300 000
Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad, fornybar.no – 200 000
Roy Freddy Andersen, Dagsavisen, journalistikk fra Sentral-Europa – 100 000
Jill Johannessen og Otto von Münchow, menneskje og klimaendringar – 70 000
Norsk Telegrambyrå, klimajournalistikk – 500 000
Framtida.no, glokal journalistikk om klimaspørsmål – 100 000
Journalisten.no, mediedebatt – 300 000
Nationen, makten over maten – 100 000
Natt & Dag, debattsider på nett – 100 000
Doremus Schafer (psevdonym), mediekritisk spalte – 50 000
Varden, debattportal for Agderposten Medier – 125 000
Plot, Finnmark i endring – 150 000
Maren Sæbø, Afrikaportalen – 100 000
Dokk.no, føljetong om uløyste drapssaker – 200 000
Oslo Business Memo, større gravesaker – 250 000
Helle Benedicte Berg, arkitektur og byutvikling – 40 000
Ny Tid, gravejournalistikk om terror og etterretning – 200 000
Lars Elton, kunst- og kulturjournalistikk – 70 000
Drammens Tidende, "People’s Paper" på Fjell – 250 000
Faktaboks
Stiftinga Fritt Ord deler kvart år ut 10 millionar kroner til kvalitetsjournalistikk.
No er det klart kven som får støtte etter første søknadsrunde.
Seks område blir prioritert no:
Journalistikk om Norges forhold til EU og Europa
Journalistikk om klimaspørsmål
Kritisk journalistikk og tilrettelegging av debatt i norske lokalsamfunn
Journalistikk for unge mediebrukarar
Undersøkande journalistikk på lite dekka felt
Prosjektstønad til frie spaltistar med publiseringsavtale.
Framtida.no får 100.000 kroner for å laga glokal journalistikk om klimaspørsmål.