Bemanningssvikt i barnehagane

Éin av fem offentlege barnehagar er berre fullt bemanna to til tre timar om dagen, og over halvparten har full bemanning berre halve barnehagedagen, viser ei ny kartlegging.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit varsku, seier barnehageforskar Berit Bae.

For første gong har forskarar sett på kor mange av opningstimane i barnehagen det faktisk er full bemanning til stades saman med barna.

LES OGSÅ: Ekspertar vil ha realfag inn i barnehagen

Undersøkinga, som er gjort av Trøndelag Forskning og Utvikling på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, viser at særleg i dei offentlege barnehagane er det få timar av dagen med full bemanning.

Medan 94 prosent av dei private barnehagane oppgir at dei har full bemanning minst 6 til 7 timar kvar dag, svarer berre 20 prosent av dei offentlege barnehagane det same.

60 prosent oppgir at dei berre har full bemanning fire til fem timar per dag, og 20 prosent svarar at dei berre har full bemanning to til tre timar av barnehagedagen. (©NPK)

LES OGSÅ: Får ikkje unge til å jobbe med dei yngste