Svalbard globale frøkvelv fekk torsdag 208 nye frøprøver i hyllene. Skogsfrø frå heile Noreg er no lagra i verdas sikraste frysar.

(NPK-Andrea Øien Sæverud):
(NPK-Andrea Øien Sæverud):
Faktaboks

* Svalbard globale frøkvelv er den største samlinga i verda av matfrø.

* Anlegget består av tre fjellhallar og ligg 120 meter inn i fjellet Platåberget utanfor Longyearbyen.

* Målet er å sikre det biologiske plantemangfaldet i verda mot sjukdommar, klimaendringar, katastrofar og krigar.

* Permafrosten på Svalbard sikrar minusgrader i frøkvelvet sjølv om straumen skulle svikte.

* Frølageret opna i 2008. Det rommar i dag over 800.000 frøtypar frå 232 land. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

På sjuårsdagen for opninga av kvelvet fekk landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) æra av å legge inn dei nye frøa, saman med sine svenske og danske kollegaer Sven-Erik Bucht og Dan Jørgensen. I frølageret som konstant held 18 minusgrader, fekk ministrane plassere store grå plastboksar med eit assortert utval av gran- og furusortar.

Det er veldig artig å sjå kvelvet med eigne auge. No er skogsfrø frå heile landet lagra her, og med det har vi ein backup dersom det skulle skje uventa ting, seier Sylvi Listhaug til Nynorsk pressekontor.

Lagringa av skogfrø på Svalbard er eit nordisk initiativ og skal på sikt involvere frø frå både Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Målet med lagringa er både å ha ein sikkerheitskopi av frø frå skogstrea, og å kunne overvake langsiktige endringar i det genetisk mangfaldet.

LES OGSÅ: WWF trur på rekordmørk jordtime

Frø frå 218 ulike stader i Noreg flytta inn i fryseromma i fjellet då Svalbard globale frøkvelv fekk sin første leveranse av frø frå skogstre torsdag. Foto: Andrea Sæverud Øien / NPK

Fryseboks i fjellet
For å legge frøprøvene på plass i hyllene, måtte dei nordiske landbruksministrane først passere bombesikre dører og gå nedover ein 120 meter lang tunnel. I tre fryserom i enden ligg alle dei viktigaste matfrøa i verda lagra, som ulike sortar av kveite, mais og ris.

Med innlegginga av dei nordiske skogsfrøa, får kvelvet ein ny type plantemateriale å ta vare på. Det er dei første ikkje-matfrøa som lageret tek imot, bortsett frå ei kasse med frø frå villfloraen på Svalbard.

Skogen er utruleg viktig for Norden. Dei som arbeider med skog, meiner at i framtida vil han bli endå viktigare i nye tekniske produkt. Det kan vere som komposittmateriale til bilar, til fiskefôr, og sjølvsagt etanolproduksjon, forklarer Roland Kallenborn frå Universitetssenteret på Svalbard medan han geleidar kassene frå statsrådane inn i frøkvelvet.

LES OGSÅ: Jensen kan snart fjerne elbil-fordelar

Avslører klimaendringar
Skogsfrøbidraget frå Noreg er finansiert av Norsk genressurssenter og samla inn av Det norske skogfrøverk. Til saman er det henta inn frø frå 208 ulike stader i landet, frå ulike årgangar. Det eldste skogsfrøpartiet som vart lagt inn torsdag, kjem frå Tranøy i Troms og vart hausta inn i 1938.

Ved å ta vare på skogsfrøa på denne måten, vil forskarar i framtida kunne ha eit referansemateriale for å studere korleis klimaendringar påverkar den genetiske variasjonen.

Om både 10 og 100 år vil vi kunne hente fram igjen dei lagra skogsfrøa og kunne seie noko om korleis endringane i klimaet har påverka skogen. No har vi fått ein rutine for å sette av frø, og risikerer ikkje å gå glipp av noko, seier dagleg leiar i Det norske skogfrøverk Øyvind Meland Edvardsen.

Målet på sikt er å utvide samlinga av skogfrø i Svalbard globale frøkvelv, til dømes med frø frå regnskogen.

LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE