No kjem den tredje sesongen av House of Cards, som gir eit mørkt bilete av politikken og Washington. Ofte er ikkje TV-serien langt unna sjølve livet.

Spoilers, sa du? I denne artikkelen slepp du unna det.

Om du ikkje kjenner til House of Cards frå før – her er ei rask innføring. Det startar med å følgja Frank Underwood, som har ansvaret for å vippa stemmegjevinga i rett retning for Demokratane i Kongressen. Den maktsjuke politikaren spelt av Kevin Spacey vil alltid ha meir makt, og let seg ikkje hindra av noko eller nokon på vegen.

I vegen oppover er Frank Underwood brutal og iskald – og sjølv når det verkar til å vera på sitt mest urealistiske tek det med seg spår frå det verkelege livet.

TEST DEG SJØLV: Kva kan du om amerikansk politikk?

Om tida me lever i
Alex Iversen er medievitar og kommunikasjonsrådgivar i TV2 – og veldig glad i TV-seriar. Han meiner TV-seriane ofte kan seia noko om tida dei blir laga i.

– 24 hadde til dømes premiere rundt 11. september, og Jack Bauer vart ein maskot for Bush-administrasjonen sin cowboy-politikk. Homeland vart laga av mange av dei same folka, men er mykje stillare og meir karakterdriven. Homeland vart ein ettertanke til 24, og ser tilbake på mange av feila som vart gjort under Bush-administrasjonen, med overvaking, tortur osb.

Han trekk og fram suksessen Breaking Bad som eit bilete på den amerikanske resesjonen etter finanskrisa.

– TV-seriar er laga i ei tid, og kan kommunisera noko med sjåarane som kan kjennast igjen og er meir eller mindre viktig, seier Iversen.

LES OGSÅ: Dette gjer du på nettet

Draumepresidenten
Alex Iversen skal snakka om nettopp TV-seriar og det verkelege livet på Fleslandseminaret 2015. Det tek enno form, men han kjem òg inn på nettopp House of Cards og The West Wing, serien frå det kvite hus på starten av 2000-talet.

– The West Wing er interessant, fordi serien gjekk omtrent parallelt med Bush-administrasjonen. For mange liberale var det eit mørkt kapittel, der republikanarane førte ein brutal politikk. Samstundes gjekk The West Wing på TV, og det var eit liberalt draumerike. President Bartlet var alt det Bush ikkje var – administrasjonen var liberale, fornuftige og ute etter kompromiss – det vart eit draumebilete av det politikk kan og bør vera, seier Iversen før han går over til House of Cards.

Politikarar med hjartet på skjorta og ei inspirerande tåre i augekroken er det ikkje like mykje av i House of Cards.

– Der er det heilt motsatt. Det viser politikken som eit darwinistisk spel der det einaste som betyr noko er makt. Det einaste Frank Underwood og kona bryr seg om er makt, og serien viser eit kaputt Washington, fortel Iversen.

I det finst parallellar til den verkelege verda, meiner han.

– No har du ein idealistisk og liberal president som mange hadde høge forventingar til, men som endar opp med å stanga hovudet i veggen konstant. Han møter ein opposisjon som vil øydelegga for han, når han vil løysa problema USA slit med. Serien viser eit politisk system som ikkje fungerer, og det er brei semje om at amerikansk politikk ikkje fungerer no.

Er det den parallellen som gjer at serien er så populær?

– Den er nok mest populær fordi serien er veldig morosam og spennande – ein godt fortalt politisk såpeopera som er vakker å sjå på. Eg tykkjer ikkje det er verdas beste serie, men kanskje blant dei mest underhaldande.

LES OGSÅ: Yah! Amerikanorsken lever

Hermar etter Frank Underwood
Den amerikanske presidenten Barack Obama har sjølv sagt at han er begeistra for serien, trass i det mørke biletet av politikken det syner.

– Seier det noko om det amerikanske systemet at Obama sjølv likar House of Cards?

– Nei, det trur eg ikkje, svarar Iversen og ler.

– Først og fremst likar han gode TV-seriar. Eg trur ikkje Obama identifiserer seg med Frank Underwood. Eg håpar ikkje det, i alle fall, seier Iversen.

Men det finst døme på at andre kanskje gjer det. CNN skriv om korleis eit lovforslag gjekk igjennom på ein veldig House of Cards-aktig måte i House of Representatives, eit av kammera i den amerikanske kongressen.

Eit lovforslag som skulle hindra kraftige kutt i helsetenesta skulle opp til avstemming, og ingen turte å ta sjansen på at lova ikkje gjekk gjennom. Det vart bedd om ein pause midt i debatten, og alle representantane gjekk tilbake til sine kammer.

Medan omtrent alle var ute, vart lovforslaget raskt tatt opp til avstemming – og gjekk gjennom medan få var til stades for å stemma imot. Du kan lesa historia hos CNN.

LES OGSÅ: Korleis me vart kvitt piraten i Noreg

The Wire blir av mange rekna som den beste serien nokon gong, og seier mykje om det amerikanske samfunnet. Foto: HBO

Narkotikakrig på TV
Den serien som oftast blir trukka fram som eit speglbilete av den verkelege verda, er HBO-serien The Wire. Serien som gjekk frå 2002 til 2008 og tek føre seg narkotikamiljøet i Baltimore er av mange rekna som den beste nokon gong, og har hamna på pensumlista til mange høgskular og universitet i verda.

– The Wire er mest truleg den mest ambisiøse TV-serien som er laga, og den er ekstremt gjennomført. Men den er veldig smal, og er mest eit politisk innlegg i ein debatt om det amerikanske samfunnet, seier Alex Iversen.

Då The Wire kom ut, var det ein kommentar til kampanjen Richard Nixon starta på 70-talet – «The War On Drugs», eller krigen mot narkotika.

– Serien handlar om korleis svart underklasse i byar som Baltimore måtte betala ein tøff pris for krigen mot narkotika. Den viser korleis krigen mot narkotika har negativ påverknad på heile samfunnet, på ein ekstremt imponerande måte.

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om skrekkfilm?

Har TV skulda?
TV og anna populærkultur er ikkje berre inspirert av den verkelege verda – det går òg ofte andre vegen. Då kan det ha fatale konsekvensar.

Til dømes hadde Mark Chapman med seg boka «Catcher In The Rye» den dagen han skaut John Lennon, og hadde visstnok identifisert seg kraftig med den angstfylte hovudpersonen i boka. John Hinckley Jr. prøvde å drepa president Ronald Reagan i 1981, fordi han var besett av Taxi Driver og ville imponera Jodie Foster, som spelar i filmen.

– Det finst til dømes folk som har jobba med fangane på Guantanamo som har skrive bøker om det som skjedde der. Der hadde nokon Jack Bauer som førebilete, og forfattaren meinte serieskaparane var direkte skuldige i det fangane vart utsett for, seier Iversen, før han legg til at ein skal vera forsiktig med å gi kulturen skulda for alt.

LES OGSÅ: No kjem MacGyver tilbake – som kvinne

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE