80-talshelten som kunne laga kva som helst med ein tyggis og ein binders kjem tilbake – no som kvinne.

MacGyver, som gjekk i uendelege reprisar på TV2 rett etter skuletid gjennom heile 90-talet og ei god stund til, fekk "berre" sju sesongar mellom 1985 og 1992.

No skal serien gjenopplivast med ein sentral endring, skriv Independent.

MacGyver sjølv skal vera ei kvinne.

LES OGSÅ: Kva er det med Doctor Who?

No har MacGyver-stiftinga saman med US National Academy of Engineering og University of Southern California's Viterbi School og engineering sett i gang ein konkurranse.

Dei vil ta imot idéar frå publikum til ein ny TV-serie med den hemmelege agenten/ingeniøren/speidaren/hockeysveis-maskoten MacGyver – men no skal hovudpersonen vera ei kvinne.

Ifølgje Independent vil skaparane av serien laga den «den første gode TV-serien med ein ikonisk kvinneleg ingeniør i hovudrolla», og noko av målet med serien er å inspirera unge kvinner til å gå for ei karriere innan realfag.

LES OGSÅ: Ekspertar vil ha realfag inn i barnehagen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE