Er dette Noregs ivrigaste supporter?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs ivrigaste supporter?

Saka var først hos Avisa Nordhordland

– Det er heilt fantastisk god stemning, og vi kosar oss kjempemasse, seier Sofie (15) frå Masfjorden.

LES OGSÅ: Det er di skuld!

Vinterferie
Sofie og veslesøster Frida er i Sverige og får med seg ski VM, saman med mor og far, Bente Dagny Holmaas Halland og Magne Halland. 

– Stemmer det at du er Norges ivrigaste supporter? 
–Ja, klart det, seier ho på telefon frå Falun. 
Når Nordhordland snakkar med familien er dei framleis på plass i løypa. 
– Vi er her no, det er god stemning, fortel ho. 

LES OGSÅ: Ekstremsport i tåka

Håpar å sjå Northug
Sofie går rundt med ein svær parykk, noko som skapte merksemd blant anna hos VGTV. På Facebook vert no videosnutten av familien delt. Her kan ein sjå at Sofie har «selfiestang» og tek bilde av det som skjer rundt seg. 

– Eg kunne tenkt meg ein «selfie» saman med Petter Northug eller Marit Bjørgen, seier ho. 
– Dei er liksom heltane då. 

LES OGSÅ: 15 timar med smerte

Sportsgalen
Masfjordjenta er litt over gjennomsnittet glad i sport.

– På ein skala frå 1 til 10, kor glad er du i sport? 
– Cirka 100 i i alle fall, svarar ho kjapt, og fortel at ho mellom anna var i Holmenkollen på 5 mila i 2013. 
– Det er kjekt å vera med, seier ho. Sjølv spelar ho fotball og volleyball, og elskar å sjå skisport. 

LES OGSÅ: Er dette Noregs mest aktive skule?

Høgdepunktet
– Kva er høgdepunktet frå denne turen?

– Det må vera då eg traff Odd-Bjørn Hjelmeset. Vi snakka om det å vera her, og at det er så mange flotte nordmenn her. Og om hopp, og sånn. Det var koseleg det.

LES OGSÅ: Sjenerte Veronica er bodybuilder