Silja Sol blir sendt til sju festivalar på Vestlandet i år. – Eg var kanskje litt sprø, seier artisten sjølv om konserten som imponerte bransjen.

Faktaboks

Silja Sol Dyngeland er årets Vestlandssatsing frå bransjetreffet 100 dagar på Stord.

Tittelen «årets Vestlandssatsing» blir gitt til eit band eller ein artist som uthevar seg markant under 100 dagar, og betalte spelejobbar på 7-10 festivalar på Vestlandet.

Det betyr at Silja Sol skal spela på desse festivalane:

Skralfestivalen

Vikedal Rootsfestival

Periferifestivalen

Festidalen

Bygdalarm

Fitjarfestivalen, og ein konsert for SKL 20. juni.

Silja Sol var nyleg finalist i Urørt med låta «Stemning», men vart slått av Kristian Kristensen.

I oktober slapp Silja Sol debutalbumet «På hjertet» til strålande kritikkar.

LES FAKTALUKK FAKTA

Musikkbransjetreffet 100 dagar på Stord fortel at Bergens-artisten imponerte bransjen stort sist helg – nok til å gjera 24-åringen til årets Vestlandssatsing.

– Me gledar oss til å følgje med på Silja Sol i tida framover og håpar ho nyttar denne sjansen godt, står det i pressemeldinga frå 100 dagar.

LES OGSÅ: Daniel Kvammen – Hot halling på Bylarm

Frå Øystese til Fitjar
Som årets Vestlandssatsing skal Silja Sol innom fleire festivalar (sjå faktaboks) i løpet av året. Blant dei er Periferifestivalen i Glesvær i august, Festidalen i Uskedalen i overgangen mellom juli og august og Bygdalarm på Øystese i juli.

På desse festivalane vil ho dela plakaten med artistar som Razika, Jaa9 & OnklP, Emilie Nicolas og Black Debbath.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

– Trur eg var litt sprø
Nett no er Silja Sol i gang med innspelinga av album nummer to, oppfølgaren til debuten «På Hjertet» frå i haust.

– Det var kjempekult å få denne beskjeden. Det betyr at eg får moglegheit til å spela musikken min for veldig mange nye menneskjer, og opplevd mykje av Vestlandet som eg ikkje har sett før. Det vil ha nok ha mykje å seia for virket mitt som artist framover, seier Silja Sol på telefonen, og legg til at ho kjenner til fleire av festivalane før, men har ikkje spelt der enno.

– Eg kjem nok til å læra og oppleva mykje. Det blir nok inspirerande, legg ho til.

Nøyaktig kva det var med 24-åringen som imponerte så stort under 100 dagar er ho ikkje heilt sikker på, men eit svar kjem fort.

– Eg trur eg var litt sprø. Eg koste meg veldig, og bandet gjorde det same. Det trur eg skiner igjennom til publikum. Me har det veldig gøy, og det vil me få publikum med på.

Ho trur òg det er mange historiar som når godt ut til dei som ser på.

– Det er kjempestas når me får høyra at me når ut til folk. Medan du spelar konsert tenkjer du ikkje så mykje over kva som treff, men du høyrer om det etterpå. Undervegs trur eg energien er det viktige, og variasjonen i låtene.

LES OGSÅ: Speledame blant spelemenn

I same sporet
Albumet som no blir spelt inn, har ikkje tatt ordentleg form enno. Men Silja Sol prøver å halda seg i same spor som ga ho høge terningkast i haust.

– Det er vanskeleg å seia om noko er radikalt annleis. Desse sangane er skrive før førsteplata kom ut, medan eg var veldig utålmodig og hadde god tid. Eg trur det blir i same sporet som førsteplata, men eg har og fått utvikla meg mykje, seier Silja Sol.

LES OGSÅ: Thea Hjelmeland sitt år

– I fronten av norske artistar
24-åringen var nyleg Urørt-finalist – og hamnar slik sett i selskap med Lars Vaular, Kvelertak, Ida Maria, Oslo Ess og Honningbarna.

Då ho vart Ukas Urørt i november i fjor, sa Urørt dette om Bergens-artisten.

«Sorgmuntre tekster står i fokus hos Silja Sol, hvis rike tekstunivers og smarte melodier skyver henne helt i fronten av lovende norske artister akkurat nå»

– Urørt var kjempespennande. Det er rart å vera med på så store produksjonar. Mykje skjedde, og eg hadde det veldig gøy saman med dei andre finalistane.

Årets Urørt vart ikkje Silja Sol, men Kristian Kristensen. Det blir likevel ikkje rekna som ein nedtur.

– Eg følte at eg vann då eg kom til finalen, eksponeringa frå det er eigentleg premie nok. Målet var aldri å vinna, men å gjera ein god figur og å nå ut med låta. Så slik sett følte eg at eg kom godt ut av det.

LES OGSÅ: Korleis me vart kvitt piraten i Noreg

Her kan du sjå Silja Sol på Urørtfinalen!

Video frå NRK

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE