Lydbøker meir poulært enn e-bøker
Då Cappelen Damm lanserte strøymetenesta Storytel, trudde dei bruken av lydbøker og e-bøker skulle bli jamstor. Men folk vil heller lytte enn lese på nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lydbøker slår e-bøker
Rundt 5.900 abonnentar betaler no 169 kroner i månaden for å få tilgang til nokre tusen elektroniske bøker og lydbøker i bokstrøymetenesta Storytel. Men den store majoriteten av dei strøymde bøkene – 94 prosent – har så langt vore lydbøker.
– Vi hadde store forventningar også til lesing av e-bøker via Storytel, men det viser seg at dei aller fleste helst vil lytte til bøkene, seier konsernsjef Tom Harald Jenssen i Cappelen Damm til Aftenposten.
LES OGSÅ: Digital motvilje
Papirdominans
Framleis står likevel papirbøkene for over 60 prosent av marknaden. Og slik ventar forlagskonsernet – som òg eig bokhandlarkjeda Tanum – at det kjem til å vere i mange år framover.
– E-bøker er vesentleg rimelegare enn papirbøker, og tilgangen er god. Likevel vil lesarane helst lese papirbøker, slår Jenssen fast. (©NPK)
LES OGSÅ: Samlaget-app er årets utgjeving