AUF tek Utøya tilbake

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag presenterer Arbeidarnes Ungdomsfylking (AUF) planen for korleis dei skal ta Utøya tilbake.

LES OGSÅ: AUF skal bruke 60 millionar på å gjenreise Utøya

Avduking på dagen
22. juli i år skal det vere minnemarkering saman med støttegruppa på staden der det nye minnesmerket vil verte avduka.

Nokre veker etterpå, 7. til 9. august, vert det arrangert sommarleir på Utøya for fyrste gong sidan massakren i 2011, melder Dagsavisen.

Denne leiren er kortare enn dei tidlegare leirane, slik skal Utøya verte tatt attende – eit steg av gangen.

Mykje vil vere forandra når AUFarane kjem attende, men kafébygget, der 13 ungdommar missa livet, skal bevarast som ein del av eit heilt nytt hus.

LES OGSÅ: – Framleis den finaste staden i verda

Krevjande debatt
Ifølgje AUF-leiar Mani Hussaini har debatten om framtida for Utøya vore krevjande for ungdomspartiet. Han meiner likevel det er riktig og viktig å halde sommarleir der i år.

– Desse tre arrangementa symboliserer det Utøya skal vere no og langt fram i tid, seier Hussaini til Dagsavisen.  

– Me var tidleg ute og sa at me ville ta Utøya tilbake. Men me har erkjent at me var for tidleg ute med å konkludere om kva som skulle skje med bygga på øya. Spørsmålet om kva Utøya skal vere var ikkje ivaretatt. No har me lytta til råd frå etterlatne og den nasjonale støttegruppa og tatt oss meir tid, understrekar Hussaini, som no er klar for å ta tilbake den tradisjonsrike øya i Tyrifjorden.

LES OGSÅ: Utøya er framleis vår øy

Vegen vidare
Etter valet til hausten inviterer AUF til ein tverrpolitisk konferanse for alle ungdomspartia, der temaet er ekstremisme og hatvald.