Av tjueéin nominerte bøker til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur er ei nynorsk og ei på dialekt.

mm

I dag vart nominasjonane til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur offentleggjort.

Nynorsknominasjonane glimrar med sitt fråvær til både litteraturprisen, biletbokprisen, fagbokprisen, debutantprisen og omsettarprisen.

Først blant biletbøkene dukkar nynorsken fram.

Sjå heile lista over nominerte her.

Dårleg utval
Nye tal frå Norsk Barnebokinstitutt viser at det blei gjeve ut 53 nynorske barnebøker i 2014 – av 892 barnebøker totalt i 2014.

Juryleiar Ann Schäffer meiner det låge talet på nynorsknominasjonar har samanheng med dette.

– Nominasjonane speglar nok utvalet, framfor kvaliteten. Når det er få bøker å velje mellom vert det færre nominerte. Om det kom ut like mange nynorskbøker som bokmålsbøker hadde me nok sett eit sterkare innslag i nominasjonane, trur litteraturkritikaren.

Schäffer meiner dette underbyggjer direktør for Norsk barnebokinstitutt Kristin Ørjasæter sine utsegn om at det kjem ut for få barnebøker på nynorsk. Særleg nynorske omsettingar er mangelvare.

LES OGSÅ: – For få barnebøker på nynorsk

Visuell nynorsk
Det er først når ein kjem til dei meir visuelle prisane at nynorsk og dialekt dukkar opp.

Jens K. Styve og Øyvind Lauvdahl er nominert til teikneserieprisen for nynorske «Kina Town» utgitt på Jippi forlag.

På nettsidene til ARK står teikneserien oppført som nynorsk, men i snakkeboblene er det dialekt.

Juryen meiner skaparane følgjer opp «Torsken Bel-Air» (2003) med ein teikneserieroman det står stor respekt av.

Boka får ros for skildringane av karakterane sine relasjonar, og innblikk i hovudpersonen Thomas sine tankeprosessar.

«Boka blir fortalt med ein nærast filmatisk dramaturgi med svart-kvite illustrasjonar i strame ruter, noko som kler historia svært godt,» heiter det vidare i grunngjevinga.

Kanskje ikkje så rart, når ein på nettsidene til Styve kan lese at boka er basert på eit kortfilmmanus som Lauvdahl fekk frie tøylar til å redigere.

LES OGSÅ: – Det vanlege er eksotisk

Fantastiske kryp
Inger Lise Belsvik er nominert til illustrasjonsprisen for «Under ein stein», med tekst av Erna Osland.

Juryen meiner illustrasjonane av alskens småkryp kallar på barndommens frydefulle grøss.

«Inger Lise Belsviks illustrasjonar forstørrar krypa til dei vakre, fargerike skapningane dei er, og let oss møte dei ansikt til ansikt, mellom to permar. Belsviks smådyr myldrar over sidene; sukkermaur og skrukketroll, tusenbein og skolopender(…)Ho analyserer krypa i transparente tverrsnitt og i detaljer av augekjevar og raspetungar. Med stødig hjelp av formgjevar Elisabeth Moseng opnar illustratøren auga våre for den fantastiske verda som ligger rett framfor oss,» meiner juryen.

Prisen vert delt ut i Nasjonalbibliotekets auditorium måndag 9. mars.

LES OGSÅ: Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE