Med sosiale media er det lettare å komma i kontakt med folk – men det gjer ikkje kjærleiken lettare, meiner forskar.

Aftenposten skriv om undersøkinga til Wenche Nag, seniorforskar i Telenor Research. Ho har snakka med ungdom i 20-åra om korleis mobilen og sosiale media påverkar flørtinga og kjærleiken.

Med Instagram og Facebook kan ein enkelt visa interesse med likes, på Snapchat er terskelen for å snakka lågare enn nokon gong – og Tinder inviterer mest av alle til å bruka mobilen som flørteverktøy. Dessutan er telefonsamtalar og tradisjonell sms enno relevant.

Men betyr det at det er lettare å finna Den Store Kjærleiken? Nei, konkluderer Nag.

– Terskelen for å ta kontakt med nokon er veldig låg. Difor opplever nokon at det er vanskelegare å velja. Det er ikkje nødvendigvis negativt, men det kan bli overveldande med alle moglegheitene, seier Nag til Aftenposten.

LES OGSÅ: Sosiale media skremmer foreldra

Bakgrunnssjekken
Det er ikkje berre alle valmoglegheitene som gjer det vanskelegare å finna ein kjærast med sosiale media – krava blir òg høgare. No gjer alle ein bakgrunnssjekk før dei blir kjende – dei stalkar.

– Ein går inn og stalkar kvarandre og finn ut av interessene til kvarandre på ein måte som ikkje var mogleg før sosiale media. Det er få som aktivt skriver om seg sjølv i sosiale media, men dei legg ut veldig mykje bilete, og bileta gir kunnskap, seier Nag til Aftenposten.

LES OGSÅ: Snakk samisk t'mæ

Også forhold som allereie er etablerte, må smaka på problema, ifølgje Nag.

– Dei sosiale media har gjort at dei som er i eit forhold må finna ein måte å leva med all konkurransen og usikkerheita på. Kjærleikslivet har blitt vanskelegare fordi det har blitt så lett, seier Nag. Ho forklarar at sosiale media ofte blir ein arena for å visa resten av verda kor bra ein har det i forholdet, noko som skapar forplikting og press.

LES OGSÅ: – Eit stort, stinkande samfunnsproblem

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE