Kalsiumkarbonat i polarisen tar opp i seg CO2 frå atmosfæren, og overfører klimagassen til havdjupa, viser ein ny studie.

(NPK):
(NPK):

Når havisen skrumpar inn, blir denne effekten mindre, og meir CO2 endar opp i atmosfæren, viser studien, som er gjort ved Grønlands Naturinstitut i Nuuk.

– Viss resultata våre gjeld andre stader òg, så har havisen meir å seie enn venta. Denne kunnskapen må vi ta omsyn til i framtidige overslag over den globale CO2-mengda, seier forskar Dorte Haubjerg Søgaard til Science Nordic.

LES OGSÅ: Iskanten har krope mot nord

Ho har forska på sjøisen i områda rundt Nuuk på Grønland sidan 2010, og har der funne ut at kalsiumkarbonatet (CaCO3) gjer at karbondioksidet (CO2) blir omdanna til ein kald og tung saltlake som blir pressa ut av isen og søkk i havet. Når isen smeltar sommarstid, reagerer kalsiumkarbonatet med karbondioksidet i lufta og går i oppløysing.

– Dermed fjernar det CO2 frå atmosfæren, seier Søgaard.

Søgaard fann òg at snøkrystallane som dannar seg på isoverflata når isen er ny, har særleg høge konsentrasjonar av denne CO2-dreparen. At snøkrystallar kan absorbere CO2, kan vise seg å vere nyttig kunnskap for polarområda. (©NPK)

LES OGSÅ: – Regjeringa har to oljeministrar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE