Unge Høgre snur i pelsdyrsaka

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge Høgre går no baklengs inn i framtida, seier Live Kleveland informasjonsleiar i Dyrevernalliansen i ei pressemelding.

Ho reagerer på at landsstyret i Unge Høgre går tilbake på sitt tidligare standpunkt om å fjerne subsidiane til pels.

LES OGSÅ: Reagerer på NRK-dokumentar 

Delte meiningar
Landsstyret var delt på midten i avstemminga under helgas landsstyremøte. Èi einaste stemme avgjorde saka.

Tidlegare leiar for Unge Høgre i pelsfylket Rogaland var blant dei som stemte for å oppretthalda subsidiane til næringa.

– Eg har lenge støtta den pelsdyrnæringa som er. Eitt av dei beste argumenta for det er at ein ikkje kan kutte ned eit heilt tre på grunn av eitt råtent eple. Det er mange oppdrettarar som driv godt, seier landsstyrerepresentant Morten Landråk Asbjørnsen på telefon til Framtida.

Men desse argumenta er ikkje Dyrevernalliansen einige i. Dei oppmodar unge dyreglade veljarar til å boikotte ungdomspartiet.

– Er du glad i dyr, bør du stemme noko anna enn Unge Høgre. Vil du stemme borgarleg, så gå til Unge Venstre eller FpU. Unge Venstre vil avvikle pelsnæringa, og FpU er klar på at subsidiane må vekk. Er det eit alternativ å stemme raudt, kan du velje mellom AUF, som lenge har kjempa for avvikling av pelsdyroppdrett, eller SU som har same standpunkt. Òg Grøn Ungdom går inn for avvikling av pelsdyroppdrettet, fortel Kleveland.

Ifølgje organisasjonen er 63 prosent av Høgre sine eigne veljarar motstandarar av pelsnæringa.

LES OGSÅ: – Pelsdyrnæringa har inga framtid 

Fôr dyrevelferd
At dyreveljarar bør halde seg unna Unge Høgre er eit utsegn Asbjørnsen ikkje er einig i.

– Eg tykkjer det er flåsete av dei å sei det sånn. Dei kan godt meine det om dei vil, men dei seier då at alle som driv med pelsoppdrett torturerer dyra sine. Det trur eg ikkje er tilfellet. Oppdrettarane veit godt at god velferd er viktig for eit godt resultat på pelsen, meiner rogalendingen.

I både 2010 og 2011 fekk pelsdyrbønder 23,2 millionar i tilskot knytt til frakt og refusjon av fôr, ifølgje ein rapport utarbeidd på oppdrag for Norges pelsdyrlag.

Fôrfrakttilskotet er ei særordning for pelsdyrnæringa og utgjer den absolutt største delen av tilskota til  pelsnæringa.

I tillegg kjem mellom anna avløysartilskot, som kjem alle bønder til gode.

– Me vil ikkje avvikle næringa, men oppretthalde og styrke tiltak på dyrevelferd. Me vil oppretthalde fritidssubsidiane og fôrsubsidier, slik at bøndene kan konkurrere på like vilkår og få ferie når dei treng det, seier Asbjørnsen.

LES OGSÅ: Rekordmange nye pelsoppdrettarar 

Alt eller ingenting
Dyrevernalliansen meiner at Unge Høgre med det nye vedtaket bryt med deira generelle standpunkt om å kutte i statsstøtta til landbruket.

– Om nokon næringar innafor jordbruket skal subsidierast, så skal alle det. Pelsdyrnæringen er einaste landbruksnæring som ikkje får produksjonsstøtte, slik fleire andre får. Difor bør ein sjå subsidiane til landbruket under eitt, og ikkje på kvar enkelt næring. Om jordbrukssubsidiane skal oppretthaldast vert ein annan debatt, svarar Asbjørnsen.