Vibeke Vigdal Øren gir deg gode tips til å bli kvitt søtsuget.

Vibeke Vigdal Øren, Porten.no
Vibeke Vigdal Øren, Porten.no
Faktaboks

Vibeke Vigdal Øren (20) kjem opprinneleg frå Årdal, men er busett i Bergen. Ho har fleire år som gruppetreningsinstruktør på Årdal Gym bak seg og er utdanna personleg trenar.

Vibeke går på Høgskolen i Bergen, der ho studerer fysioterapi. Trening og kosthald er ein stor del av kvardagen hennar.

Viss du vil lese meir, kan du vitje bloggen hennar HER.

LES FAKTALUKK FAKTA

Du veit korleis det er når følelsen kjem snikande: Du må ha noko godt, noko som er søtt, og du må ha det no. Enten det er sjokoladen i skuffa eller brusen i kjøleskapet som finn vegen til magen, så er det der og da den einaste løysinga på å bli kvitt søtsuget. Men er det eigentleg den beste løysinga, og blir du eigentleg fullstendig kvitt det?

Sukker er avhengighetsskapande, og når kroppen din har vent seg til eit visst inntak av det vil den gi deg signal når den føler for ein ny dose, enkelt forklart. Her kjem nokon tips til korleis du kan overmanne behovet for sukker – ein gang for alle!

Hald det til ein dag i veka

Dersom det føles veldig ambisiøst å kutte ut sukkeret heilt, så kan du faktisk unne deg moderate mengder uten at det gjer nokon skade. Det hjelper veldig på psyken å vite at du heilt fint kan vente med godteskåla til lørdag (for eksempel), samanligna med følelsen av at du går og nektar deg noko som du opplever som «forbode». Pass på å ikkje gå i den fella at du et så mykje sukker når godteridagen kjem at det går opp i opp med sukkeret du har holdt deg unna resten av veka.

Ikkje ha det tilgjengeleg

Om godteriet ikkje befinner seg innanfor din rekkevidde, så vil det heller ikkje finne vegen til magen din. Unngår du å kjøpe inn sukkerholdige matvarer før den dagen du skal ete det, så vil det heller ikkje bli noko vanskeleg for deg å vente til godteridagen kjem.

Et deg mett

Det er kanskje vanskeleg å tru, men veldig mange av oss et faktisk for lite i løpet av dagen. Ein kjenner det kanskje ikkje så mykje i form av svoltfølelse fordi ein er så vant til dette matinntaket, men det resulterer ofte i at søtsuget melder seg, som oftast på kveldstid eller mellom måltida. Dersom du da gir etter for søtsuget vil du med dette erstatte all den næringsrike maten du ellers kunne ha ete med tomme kaloriar som ikkje tilfører kroppen noko som helst anna enn ein midlertidig tilfredsstillelse. Mitt råd er derfor at du et deg mett til alle måltid. Dersom du passar på å få i deg nok næringsrik og sunn mat vil du gjere det vanskelegare for kroppen å innbille seg at den treng den ekstra sjokoladen etter middag!

Mindre karbohydrat

Enkelt forklart vil karbohydrat omdannast til sukker i kroppen, så det å begrense inntaket av karbohydratrike matvarer som brød, korn, ris og frukt kan hjelpe deg med å venne kroppen av med behovet for sukker. Når du da et brød, ris etc., velg da dei grovaste variantane, så sikrar du kroppen din meir næring og fiber enn det du vil få i dei fine variantane. Fokuser ellers på å få i deg mykje protein i form av reint kjøtt, egg, melkeprodukt, bønner etc. og sunt feitt, for eksempel gjennom å ete nøtter, avokado, feite melkeprodukt. Dette vil sikre deg eit stabilt blodsukker gjennom dagen og hindre dei berømte blodsukkersviningningane som ofte fører til søtsug.

Ver bevisst

Spør deg sjølv kva situasjonar som pleier å trigge søtsuget. Er det i det augeblikket du kjem inn døra etter ein lang arbeidsdag, skrur på tv-en og legg deg i sofaen at du får skikkeleg lyst på melkesjokoladen som ligger i skapet? Er det i periodar du stressar spesielt mykje med skulearbeid? Er det når du har gått lenge utan mat? Identifiser situasjonane og bli bevisst på dei! På denne måten kan du enten prøve å unngå at dei oppstår eller imponere deg sjølv med djup sjølvinnsikt og høg sjølvdisiplin når du bryter mønsteret.

Hold deg opptatt

Det skjer titt og ofte at ein føler seg svolten på heilt usannsynlige tidspunkt, som for eksempel rett etter ein god, mettande middag. Eg trur neppe at eg tar feil når eg seier at dette i dei aller fleste tilfeller skjer når ein kjedar seg (det gjelder i alle fall for meg, hehe!) Løysinga er latterleg lett: Hold deg opptatt! Når du kjenner søtsuget distanserer du deg sjølv fra det ved å finne på noko. Det kan vere så enkelt som å ta ein telefonsamtale, lese nettaviser eller kva du enn måtte finne interessant, trikset er berre å føre oppmerksomheita over på noko anna for ei stund. Fun-fact: I dei fleste situasjonar forsvinner søtsuget etter 15 minuttar! Dette betyr likevel ikkje at det ikkje vil melde sin ankomst igjen, ved mindre du tar eit oppgjer med det ein gang for alle.

Så kva seier du? Er du klar for å vise sukkeret kven som er sjefen?

Les saka på Porten.no!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE