Våpeninstruksen for politiet blir mellombels endra slik at Politidirektoratet kan vedta væpning i inntil tre månader, melder Justis- og beredskapsdepartementet.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Endringa inneber at Politidirektoratet, etter samtykkje frå Justis- og beredskapsdepartementet, kan vedta at polititenestemenn for ein periode på inntil tre månader skal bere pistol i dagleg teneste.

LES OGSÅ: Sju av ti fryktar terrorangrep i Noreg

– Det var behov for klargjering av våpeninstruksen som sikrar høvet til å væpne politiet når dette er nødvendig for å avverje eller stoppe handlingar som vil vere særleg farlege for liv, helse eller viktige samfunnsfunksjonar, seier statssekretær Hans J. Røsjorde (Frp).

– Eg understrekar at dette ikkje endrar prinsippet om at norsk politi skal vere uvæpna. Endringa i våpeninstruksen er mellombels og ei følgje av trusselbiletet vi no opplever, seier han.

Endringa har vore på høyring. Departementet har gjennomgått innspela i høyringa og på bakgrunn av dei endra paragraf 10 i våpeninstruksen. (©NPK)

LES OGSÅ: Semje om kraftige politikutt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE