Har du uflaks i dag?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først i Vikebladet

No er han her igjen, dagen mange er redde for. Men er det nokon grunn til å vere meir redd denne fredagen enn andre dagar?

LES OGSÅ: Når alt går til hundane

– Sjølv om du har fobiar og er overtruisk må vi skuffe deg, seier Arne Voll, som er informasjonssjef i Gjensidige. Han roar deg med at fredag den 13. er sjansen for at noko spesielt skjer deg – den same som på andre dagar.

Gjennom året skjer det mange skadar og mange uhell. Fredagar peiker seg likevel ut som ein av dei dagane i veka med flest skadar. Dette har ei naturleg forklaring med mykje trafikk og høgt aktivitetsnivå, spesielt om ettermiddagen. I tillegg er det mange som reiser på ferie denne dagen.

LES OGSÅ: I år blir sommaren litt lengre

Det finst likevel ingen tal eller statistikk som gir grunn til å frykte fredag den 13. meir enn ein kva som helst annen dag.

– Folk kan difor puste letta ut og nyte resten av dagen, seier Voll.

Historisk vert fredagen sett i samband med ulykke, vondskap og overtru. Mange unngår å bruke talet bevisst. Enkelte hotell og andre bygningar har ikkje 13. etasje. På nokre flyplassar eksisterer ikkje gate nummer 13 og plassar på seterad 13 i enkelte fly er umogeleg å oppdrive. Fleire skrekkfilmar om den same datoen har også medført at mytane om denne dagen er forsterka.

I Norge er det ingenting som tyder på at denne dagen vart rekna som uheldig før på 1800-talet.

De som lir av paraskevidekatria har en fobi mot fredag den 13.

LES OGSÅ: Punkterer myten om at vin er godt for helsa