Melder seg ut av kyrkja i olje-protest

Stortingspolitikar Tina Bru (H) varslar at ho melder seg ut av statskyrkja fordi ho er dundrande ueinig med norske biskopar om olje- og klimapolitikken.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tina Bru melder seg ut i protest

Det var ein kronikk i Aftenposten tysdag som fekk Tina Bru til å sette kaffien i halsen. Her tek blant andre biskopane Tor B. Jørgensen og Olav Øygard til orde for at Noreg bør bremse oljeproduksjonen og la mykje olje liggje igjen i bakken.

LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i protest

– Dårleg klimapolitikk
28-åringen, som er inne i sin første periode på Stortinget, seier til NRK at ho er svært ueinig i konklusjonen til dei to biskopane, nemleg at oljeindustrien skal fasast ut for å møte klimautfordringane. Stortingspolitikaren frå Rogaland akter difor å melde seg ut av Den norske kyrkja så fort som mogleg.

– Å fase ut oljeproduksjonen er dårleg klimapolitikk, og ikkje ein klimapolitikk som eg som medlem av kyrkja kan stille meg bak. Då meiner eg det er rett å melde meg ut. Verda treng meir energi i framtida, og det vil vere rom for olje og gass innfor FNs togradarsmål, seier ho.

LES OGSÅ: Barneombodet kritiserer paven

– Må tole kritikk
Biskop i Sør-Hålogaland Tor B. Jørgensen beklagar utmeldinga og understrekar at det finst forskjellige meiningar om saka i kyrkja.

– Verken biskopar eller kyrkjemøtet har det endelege svaret, men vi må våge å seie frå og tole kritikk. Det er mitt håp og min intensjon at sterke og ulike meiningar i kyrkja fører til større mangfald og større romslegheit, seier Jørgensen. (©NPK)