– Kampen startar no

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me kan ikkje riva ein Picasso

– Det beste frå 50- og 60-talet, som Y-blokka representerer, det får me aldri igjen, seier Ola Elvestuen, nestleiar i Venstre, til stor applaus frå publikum framfor Y-blokka måndag ettermiddag.

Debatten om kva som skulle gjerast med regjeringskvartalet etter 22. juli 2011 har vart lenge, og i mai i fjor vart det avgjort. Høgblokka blir ståande, fleire andre bygg i regjeringskvartalet skulle rivast, og nye tilskot skulle komma opp.

Men dei som vil redda Y-blokka har enno ikkje gitt seg.

Yblokk1

– Me kan ikkje riva ein Picasso, sa Venstre-nestleiar Ola Elvestuen. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Bransjen er konkurranse

Ein grunn til å bry seg
Kva er det som gjer at så mange samlar seg framfor ei betongblokk i Oslo sentrum, for å unngå at bygget blir rive ned?

– Det er ikkje alltid det nye som er det beste alternativet, seier arkitektstudenten Ivana Mijic.

Ho har engasjert seg i kampen for å behalda Y-blokka, òg har mellom anna lansert sitt eige forslag til ei løysing som kan bevara bygget.

Ho er skeptisk til grunngjevinga som blir levert av kommunal- og moderniseringsdepartementet. Eit viktig argument har lenge vore tryggleiksrisikoen som følgjer med tunnellen som går under deler av Y-blokka – ei av dei mest trafikkerte strekkene i Oslo sentrum.

– I den reguleringsplanen me har sett, er det eit nytt bygg tett inntil tunnellen. Når tunnellen har vore hovudargumentet for å riva, tykkjer eg det verkar utruleg unødvendig å riva noko som er eit godt fungerande bygg, eit monument og eit viktig bidrag frå perioden det vart bygd i, seier Mijic.

– Eg tykkjer òg Y-blokka sit veldig godt i byen. Å fjerna ho for å lukka området meir er veldig dumt, legg ho til.

Ilana-Yblokk

LES OGSÅ: Noko skurrar i Osloskulen

Måtte gå vidare
Statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey (H), seier det er ingen veg tilbake på avgjersla om å riva Y-blokka, men at han set pris på engasjementet.

– Det er heilt fint at folk engasjerer seg, og i tida som kjem vil det vera mykje å engasjera seg i. No skal regjeringskvartalet finna si framtidige utforming. Det er ein prosess som skal gå over fleire år, med mange nye forslag og debattar me må ta stilling til, seier Chaffey.

Han fortel at då avgjersla om å riva Y-blokka vart tatt, var det mange grunnar til å gjera det. Men eit av hovudargumenta var tryggleiken. No fortel Chaffey at avgjersla er tatt – det er ingen veg tilbake.

– Det var òg ein omfattande debatt før avgjersla vart tatt, med mange deltakarar og mange lange kronikkar, seier Chauffey, og peikar på engasjementet som var rundt Høgblokka før avgjersla kom.

– Det var den gong mange, blant anna utreiarane, som meinte at det måtte komma ei avgjersle, slik at ein kunne gå vidare i utforminga. Ei framdrift må me ha, sjølv om det er fullt mogleg å vera ueinige i enkeltavgjersler, legg Chauffey til.

Yblokk3

Det er mange som nektar å gi opp kampen om å redda Y-blokka i regjeringskvartalet. Foto: Anders Veberg

 LES OGSÅ: Kvar tredje Oslo-buar vil flytte

– Kampen startar no
At kommunaldepartementet er så klare i si sak om Y-blokka skal rivast, hindrar ikkje kampviljen hos motstandarane.

– Kvifor er me her for å kjempa ei så håplaus sak? For å senda eit bodskap. Og det skal ikkje sendast langt, det skal berre opp dit, seier Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeininga, og peikar opp mot kontoret til kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

– Høyrer du meg, Jan Tore Sanner, ropar Fjeldheim.

– Bygget står her, og så lenge det står, skal me kjempa, sa Ola Fjeldheim vidare.

Ola Elvestuen, nestleiar i Venstre, snakka i same baner – om at motstandsviljen ikkje forsvann.

– Dette er ikkje den siste markeringa, men starten på eit arbeid. Eg meiner framleis at du ikkje kan riva ein Picasso, sa Elvestuen bestemt.

LES OGSÅ: Masteroppgåve: Forme bygda

Faktaboks

Y-blokka er ein av bygningane i regjeringskvartalet, midt i Oslo sentrum.

Regjeringskvartalet vart hardt råka under terroråtaket 22. juli 2011, og sidan den gong har det vorte diskutert kva som skal skje vidare med bygningane.

Det er bestemt at Høgblokka skal bli ståande, medan fleire andre bygg, mellom anna Y-blokka, skal rivast.

Y-blokka vart ferdigstilt i 1970,  og representerer for mange det beste av arkitekturen frå 50- og 60-talet.

Ein av dei som sette stor pris på Y-blokka, var Pablo Picasso. På fasaden til Y-blokka henger eit av kunstverka hans, «Fiskarane», som er sandblåst inn i veggen av Carl Nesjar

Arkitekten bak Y-blokka er Erling Viksjø

Måndag ettermiddag samla fleire hundre menneskjer seg framfor Y-blokka for å markera at dei ikkje villa at bygget skulle rivast.