Barneombodet kritiserer paven

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneombod Anne Lindboe krev at paven tek avstand frå alle former for vald mot barn. Reaksjonen kjem etter at paven førre veke tok opp tukt av barn då han snakka om farsrolla.

LES OGSÅ: Paven auksjonerer bort Harleyen

– Så vakkert, tenkte eg
– Ein gong høyrde eg ein far seia at: «eg må nokon gonger klaska borna mine litt, men eg gjer det aldri i andletet slik at dei blir audmjuka», sa pave Frans ifølgje britiske The Guardian.  

Etterpå fortalde paven om sin reaksjon på dette:

– Så vakkert, tenkte eg. Faren veit betydinga av verdigheit. Han må straffa borna sine, men gjer det på ein rettferdig måte og får saka ut av verda, sa paven vidare.

Denne reaksjonen vekkjer harme hjå barneombodet, som peikar på at å slå born er ulovleg i Noreg.

– Når leiaren for katolikkane seier at han synest det er noko vakkert med vald mot barn, så ventar eg at biskopen tek klar avstand frå det og oppmodar sine medlemmer til å respektera norsk lov, seier Lindboe til NRK.

LES OGSÅ: Stor vekst i unge personleg kristne

Norske forhold
Barneombodet har allereie sendt eit brev til biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedøme, der ho ber om ei klargjering om den katolske kyrkja i Noreg sitt standpunkt til vald mot born.

– Me skal ikkje slå born uansett kva nemning ein brukar for fysisk avstraffing. Eg trur dette har med kultur å gjera, ikkje religion. Det er ikkje meir enn 30 år sidan det var tillate å slå born i Noreg. Framskritta er vel ikkje like store verda over, svarar Eidsvig til NRK.

Men slike haldningar finst òg å spora i norske trussamfunn.

Denne helga meldte Vårt land om den nyoppstarta Kilden Menighet Jæren som på sine nettsider oppmodar  til tukt av born.

«Konsekvensene kan bli fatale dersom foreldrene ikke irettesetter og tukter barna sine, eller om barna forakter tukten,» heitte det ifølgje avisa i den lange truvedkjenninga til trussamfunnet.

Setninga er seinare fjerna, men ovanfor kristenavisa forsvarar leiar Asbjørn Berland (23) standpunktet.

– Norge er på verdsbasis i mindretal blant land som ikkje tillatar det. Dette er noko ein har gjort gjennom heile menneskehistoria og det er eigentlig veldig normalt, seier Berland.

LES OGSÅ: Barneombodet: – Alvorlege manglar i helsetilbodet

Politimeldt av Barneombodet
Barneombodet har no politimeldt Kilden Menighet Jæren for brot på barnelova og for oppmoding til vald.

I tillegg vil Barneombodet senda eit brev til Kulturdepartementet med spørsmål om korleis dei sikrar at alle trussamfunn følgjer norsk lov.