Venstre legg fram eit lovforslag for å oppheve høvet til kommunale forbod mot tigging.

NPK-NTB
NPK-NTB

Torsdag trekte regjeringa det nasjonale forslaget om tiggeforbod etter at det vart klart at det ikkje lenger hadde støtte frå Senterpartiet.

LES OGSÅ: Sjokkert over tiggeforslag

– Sosiale tiltak, ikkje straff
Det er ikkje nok, meiner Venstre, som no vil fjerne moglegheita for å ha tiggeforbod lokalt.

– Det har vore bevegelse i både Høgre og i Senterpartiet i spørsmålet om tiggeforbod i det siste. Spørsmålet om eit forbod mot tigging er eit spørsmål av prinsipiell karakter, seier justispolitisk talskvinne Iselin Nybø i Venstre.

Senterpartiet grunngav snuoperasjonen med at lovverket i dag er tilstrekkeleg for å motverke menneskehandel og annan kriminalitet.

Det er ei vurdering Venstre deler. Nybø meiner argumentet må gjelde like godt for eit lokalt som eit nasjonalt forbod.

– Sosiale problem må løysast med sosiale verktøy og sosiale tiltak, ikkje gjennom straff og forbod. Tigging er eit samansett problem, som må løysast gjennom internasjonalt samarbeid og målretta sosiale tiltak i heimlanda til tiggarane. Eg har lita tru på quick fix-løysingar for å løyse problem som tigging og fattigdom, seier Nybø.

LES OGSÅ: Senterpartiet har snudd om tiggeforbod

Motstand frå Sp
Lovforslaget får neppe støtte frå Sp. Parlamentarisk leiar Marit Arnstad understreka overfor NTB torsdag at partiet held på retten som kommunane har til å innføre lokale forbod. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE