Satsar på digital eksamen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Bergen (UiB) melder at Juridisk fakultet no gjer digital eksamen til ein hovudregel, framfor å burka gamlemåten med penn og papir.

Dette er noko mange studentar har etterlyst i lang tid, og studiesjef Christine Stoltz Olsvik er nøgd med å endeleg sjå digital eksamen hos seg.

– Me har jobba aktivt for dette sidan 2012, men det har tatt tid for UiB å finna dei rette tekniske løysingane og å løysa infrastrukturutfordringar, seier Stoltz Olsvik.

LES OGSÅ: 3 av 10 nøgde med studieoppfølging

Kjappare
Stoltz Olsvik gir mykje av æra for at digital eksamen no blir ein realitet til Juridisk Studentutval (JSU), som lenge har pressa på for saka.

– Me er kjappare med tastar enn penn og papir, så det blir lettare å visa kva me kan. Me skriv oppgåver kvar veke som skal leverast digitalt, så no blir det meir samsvar mellom måten me lærer på og måten me blir vurdert på, seier Vilde Martine Gjethammer, leiar for JSU.

LES OGSÅ: Fuskesak kan hamna i høgsterett

Ikkje lenger sci-fi
Ein av dei som tidlegare har argumentert for bruken av digital eksamen, er Runar Bjørkvik Mæland, studie- og læringsmiljøansvarleg ved Universitetet i Oslo (UiO).

– Høgre utdanningsinstitusjonar burde vera spydspissar for utvikling og modernisering, men sanninga er at barnehagane mange stader er komne lenger inn i den digitale tidsalderen enn universiteta.

I dette lesarinnlegget kan du lesa kvifor han meiner det er på høg tid at me går over til digital eksamen.

Eigen PC
Eksamen ved Det juridiske fakultet på UiB skal gjerast på studentane sin eigen PC, med eit program som stenger tilgang til andre program medan oppgåva skal skrivast. Skriveprogrammet er og utan stavekontroll – så i praksis er det ein enkel overgang frå penn og papir til tastatur og skjerm.

LES OGSÅ: Ønskjer strengare norsk-krav for sjukepleiarar