Folkemordet onani

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er onani folkemord?

Eg les til skrekk og gru i Dagbladet at man kunne hatt 1-2 nye skuleklassar kvar dag i Noreg, men diverre har kvinne i deira synd valt å fjerna desse klassane ved å ta til bruk abort.

Herr Danbolt skriv i sin kronikk at ressursar går tapt i Noreg kvar dag fordi 20 prosent av born vert «fjerna» på grunn av at abort er lov i Noreg. Detta er sjølvsagt ein katastrofe for det norske skulevesen og samfunn, men verre er det for dei kvinnene som vert traumatisert av å måtte velja sjølv å ta abort, der dei eigentleg burde ha fullført sin uønskte graviditet. Det er jo tross alt berre 9 kjappe månadar med grei utvikling av embryo til foster og so fødsel av eit born dei ikkje hadde planlagt eller ynskje å ha som det er snakk om. Sopass burde kvinne klara å finna seg i for å gje Noreg dei skuleklassane me treng. Men eg syns at Danbolt ikkje går langt nok i å snakke om denne tragedien. I Noreg er faktisk onani lovleg òg, men ingen snakke om detta såkalla «sjølvbestemte» folkemordet som menn i Noreg er med på kvar dag.

LES OGSÅ: Men livmora mi får du aldri

Ifølge Verdas helseorganisasjon so har ein mann med normal sædkvalitet minst 20 millionar spermiar (kjempesmå born) per milliliter med sædveske og det er rundt 2 milliliter sædveske per ejakulasjon. Det vil sei at 40 millionar born vert drepne kvar gong ein mann begår detta lovlege folkemordet me kallar for onani.

Om me seie at kvar mann i Noreg begår folkemord/onani ein gong i veka so vil det bety at 5,2 milliardar born vert fjerna kvart år. Altså minst 173 millionar skuleklassar som skulevesenet og det Norske folk går glipp av.

At Folkekyrkja eller Utdanningsdirektoratet ikkje er på plass for å setta ein stoppar for Onans synder er ikkje lett å verta klok på. Ein kan spekulera i at det har med mangel på skuleplassar å gjera men at det skal begrunna at 5,2 milliardar moglege norske born ikkje får sin rett på skulegong, det må seiast er hårreisande.

Tusen faen meg takk skal du ha, Anniken Huitfeldt.

Kommentaren var først på trykk i Dagbladet.