Ekstra flinke lærarar får meir løn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flinke lærarar får meir løn

Den såkalla lærarspesialisten er spesialist i realfag eller norsk, og pliktar å halde seg oppdatert i sitt fag. I tillegg skal læraren ta initiativ til kompetanseheving blant lærarkollegaene, til kollegarettleiing og leie faglege prosjekt, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Slaktar karakterkravet til regjeringa

Lønnskompensasjonen på 48.000 kroner går til dei som er plukka ut til å delta i ein av to modellar. I den andre blir lønn og redusert undervisningstid kombinert.

– Vi meiner dette kan bidra til at elevane lærar meir. Det gjer det meir spennande og utfordrande å vere lærer, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Førebels varer pilotprosjektet to år, og 200 lærarar skal prøve ut ordninga før ho blir permanent. Både kommunar og fylkeskommunar kan søke om å få vere med. (©NPK)

LES OGSÅ: SSB: 38.000 lærarar i manko i 2025