Brit Bildøen fekk prisen for ein roman om sorga etter 22. juli.

Ho vann prisen for ein av dei første skjønnlitterære romanane om 22. juli. «Sju dagar i august» handlar om ekteparet Sofie og Otto, som mista eit barn på Utøya og enno slit med sorga etter terroråtaket. Det skriv NRK.

LES OGSÅ: Ingen vann novellekonkurranse

Frykta spekulering
I eit intervju med NRK seier Bildøen at ho var redd for å virka spekulativ då ho skreiv romanen.

– Det var litt av det som ligg bak tvilen min ved å gjera handlinga såpass konkret og lata hovudpersonane vera pårørande. Men eg tenkte at eg måtte prøva å gjera det på ein så ordentleg måte som eg kan, for eg trur ikkje det er rett å ligga unna heller, seier Bildøen i intervjuet.

Romanen tek føre seg dei sinte kjenslene etter 22. juli, noko forfattaren seier til NRK at mange har etterlyst.

– Det er heilt feil å tenkja at alt skal kunne reparerast, for så å gå vidare, seier Bildøen.

LES OGSÅ: – Nynorsk litteratur  har aldri stått sterkare

Bibliotekar frå Aukra
Brit Bildøen er utdanna bibliotekar og sosiolog, og kjem frå Aukra utanfor Molde. Ho vart fødd i 1962, og har studert Skrivekunstakademiet i Hordaland. Debuten kom i 1991 med diktsamlinga «Bilde av menn».

LES OGSÅ: Spår meir dialekt i Donald

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE