Det vil vere meir og ikkje mindre bruk for bibliotek i framtida, meiner nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre (41).

NPK-NTB-Trine Andersen
NPK-NTB-Trine Andersen
Faktaboks

Fakta om Aslak Sira Myhre

* Sjef for Nasjonalbiblioteket frå 2014.

* Fødd 28. mai 1973

* Studerte historie og sosialantropologi i Bergen og var leiar i Bergen RV 1995– 97. Han var medlem av bystyret i heimbyen Stavanger 1999– 2003.

* Partileiar i Raud Valallianse 1997– 2003.

* 2003– 06 var han leiar av Foreningen les. I 2006 vart han dagleg leiar av Litteraturhuset i Oslo og bygde opp institusjonen frå starten og fram til 2014.

* Han har også arbeidd som journalist og delteke i samfunnsdebatten.

(Kjelde: Store norske leksikon)

LES FAKTALUKK FAKTA

Etter to og ein halv månad i den nye jobben struttar han av entusiasme både over framtida til folkebiblioteka og jobben som sjef for vårt felles nasjonale minne.

– Det er no forminga av det moderne biblioteket går føre seg. Det som skjer dei neste ti åra, kjem til å vere med på å definere biblioteka i heile det 21. hundreåret, seier Sira Myhre.

LES OGSÅ: Molde er årets bibliotek

Sjølv om informasjonen i dag ligg berre eit klikk unna, peiker han på at bruken av nettet blir smalare og smalare. Få av oss går djupt ned i veven.

– Tilgangen på kunnskap blir berre ein svart vegg dersom ingen katalogiserer og lagar eit kart som gir inngang til han. Jo meir kunnskap som finst der ute, jo meir trengst biblioteka, seier nasjonalbibliotekaren.

Draumejobb
Aslak Sira Myhre er RV-leiaren som har vorte embetsmann – utnemnd av ein kulturminister frå Høgre. Han kjem frå jobben som sjef for Litteraturhuset i Oslo, som han har bygd opp med stor suksess. At han ein gong skulle bli nasjonalbibliotekar, hadde han aldri sett for seg.

– Det stod ikkje på langtidsplanen, men dette er ein heilt fantastisk jobb. Det kjennest som han er laga for meg, seier han.

Og skulle han ha ein dårleg dag, tek han seg ein tur ned i magasinet, historisk interessert som han er.

– Eg er personleg djupt engasjert i samlingar som kart, handskrift, mellomalderballadar og Magnus Lagabøtes lov. Det er jo sjølve den gammaldagse kjernen i Nasjonalbiblioteket, seier Aslak Sira Myhre.

Møteplass
Som nasjonalbibliotekar har han ansvar for å utvikle folkebiblioteka. Ser han for seg at det blir færre folkebibliotek dei neste ti åra?

– Det er vanskeleg å svare på. Lova seier jo at det skal vere eit folkebibliotek i kvar kommune, og blir det kommunesamanslåingar vil det automatisk bety færre bibliotek. Om det blir færre filialar er opp til kommunane, og slik må det også vere. Det er dei som har lokalkunnskapen. Demografien i Noreg endrar seg jo i rasande fart, og då bør også biblioteka flytte på seg, seier Sira Myhre.

LES OGSÅ: Klar til debatt

Han nemner kjøpesenter som ein naturleg stad å ha eit bibliotek.

– Enten vi likar det eller ikkje har kjøpesentera vorte den naturlege møteplassen, og då er det genialt å ha bibliotek der, meiner nasjonalbibliotekaren.

Debatt
Nasjonalbiblioteket forvaltar i år 48 millionar kroner som skal gå til utvikling av folkebiblioteka.

– Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å satse på folkebiblioteka. Blir det satsa 48 millionar kroner kvart år i ti år framover er det nesten ein halv milliard kroner. Skal pengane nyttiggjerast må kommunane satse på biblioteka lokalt. Og det forventar eg at dei gjer, seier Sira Myhre.

Prosjektmidlane skal blant anna gå til å utvikle biblioteka til debattarenaer, slik det går fram av den nye føremålsparagrafen i biblioteklova. Kan biblioteka bli ein konkurrent til litteraturhusa?

– Det synest eg er ein dum diskusjon. Du seier då ikkje at du ikkje har bruk for Black Box i Oslo fordi vi har Nationaltheatret, eller meiner det ikkje er behov for fleire konsertarenaer fordi vi har Rockefeller. Men det er ikkje slik at alle bibliotek skal pressast til å arrangere debattar. Det er meiningslaust å forvente at eit lite bibliotek skal få til store Dagsnytt 18-debattar, men dei kan gjere andre ting, som å arrangere foredrag, seier Aslak Sira Myhre.

LES OGSÅ: By, rett, kulturråd og forfattar jubilerer i 2015

Fakta om Nasjonalbiblioteket

* Har cirka 440 tilsette i Oslo og Mo i Rana.

* Alt som blir publisert i Noreg, uansett format, må avleverast til Nasjonalbibliotekets avdeling i Mo i Rana.

* Nasjonalbiblioteket er ansvarleg for utvikling og styrking av norske folkebibliotek, medan kommunane står for drifta av folkebiblioteka.

* Nasjonalbiblioteket driftar bokhylla.no. 250.000 norske bøker vil liggje gratis på nett når tenesta er komplett i 2017.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE