Blir menn lettare toppforskarar?

Svaret på det spørsmålet er ja, ifølgje stipendiat Rebecca Lund

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spørsmålet blir diskutert hos Kilden, informasjonssenteret for kjønnsforsking, i høve ei prøveordning for forskarar som Stortinget nyleg har sagt ja til.

Prøveordninga inneberer innstegsstillingar for forskarar – ei opphavleg amerikansk ordning for å rekruttera dei beste forskarane. Medan hensikten er å plukka ut dei beste forskarane uavhengig av kjønn, blir resultatet ofte at menn lettare kan oppfylla krava, meiner Rebecca Lund, stipendiat ved Aalto-universitetet i Helsinki.

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta

Teori og praksis
– Det blir hevda at det er mogleg for alle å bli toppforskar, berre ein jobbar hardt nok. Men i praksis er det lettare for menn enn for kvinner å oppfylle krava, seier Rebecca Lund til Kilden.

Ho trekk fram fleire grunnar til at ho meiner det er slik. For det første gjer stereotypar rundt kjønn og ulike uformelle nettverk det vanskelegare for kvinne rå bygga CV-en ein treng for dei mest prestisjetunge stillingane, meiner Lund. Dessutan er det forventa at ein vier heile livet sitt til karrieren som forskar.

Det er noko mange kvinner ikkje kan, ifølgje Lund, og syner til statistikk. Kvinner tek ut storparten av fødselspermisjon, og er difor meir vekke frå jobb. Kvinnene er og i fleirtal blant dei deltidstilsette, og får meir undervisingsansvar.

LES OGSÅ: Den seigaste forskinga

Ikkje begeistra
I den norske prøveordninga blir det testa 300 mellombels stillingar på universitet og høgskular som varar i fem år. I løpet av den perioden skal dei fylla visse krav for å få fast jobb.

Ifølgje Universitetet i Bergen sitt magasin På Høyden er entusiasmen for prøveordninga heilt midt på treet. Mellom anna blir det argumentert med at fem år er for kort, samstundes som påstanden til Rebecca Lund om at kvinner blir diskriminert også kjem fram.

Prøveordninga prioriterer også berre dei i toppen, ifølgje viserektor ved Universitetet i Oslo, Knut Fægri.

– Dette er eit tiltak for å rekruttera heilt i topp. Det forslaget ikkje gjer, er å skaffa skikkelege karrierevilkår for alle dei andre som ikkje nødvendigvis ligg der, men som i dag er postdoktorar eller stipendiat. Og for denne gruppa må universiteta gjera noko, seier Fægri til Uniforum.

 Du kan lesa meir hos Kilden.

LES OGSÅ: Her er dei norske elite-forskarane