Tom Roger Aadland får strålande kritikkar på den nye plata si.

Grethe Hopland Ravn, Grannar
Grethe Hopland Ravn, Grannar

Det er berre seks dagar sidan Tom Roger Aadland lanserte si femte plate, denne gong ei plate som er dystrare og mørkare. Dei aller fleste kritikarane har trilla ein solid femmar på terningen.

Musikar Tom Roger Aadland var i mars i platestudio og i høve innspelinga uttalte han til Grannar at han aldri før hadde vore så spent på mottakinga av ei plate som denne gong. Heilt bevisst la han seg i ei mørkare lei, og kryssa fingrane for at han også denne gong ville treffa publikum med verket sitt.

— Det viktigaste for meg er at musikken min treff dei som høyrer på og at dei skal lika det dei høyrer, har Aadland uttalt tidlegare.

Og at kritikarane likar den siste plata hans er det ikkje tvil om, for i løpet av den siste veka har høge terningkast hagla over den store artisten frå vesle Vikebygd.

LES OGSÅ: Bles nytt liv i rockepoeten

På grensa til genialt

Bortsett frå Dagbladet som trillar ein firar på terningen, er det stort sett femmarar som er slått. Dagsavisen og Fædrelandsvennen er dei som hyllar Aadland høgast. Dagsavisen skriv at «Rapport frå eit grensehotell» er på grensa til genialt. Fædrelandsvennen skriv «Det er eit sug og eit driv her som nærast er uimotståeleg. Ganske nært eit meisterverk». Dagbladet skriv at Aadland er ei fryd å høyra på når han skriv slentrande landevegspoesi som i låten «Like til mi dør». NRK P1 har uttalt at «her kan ein verkeleg dra fram betegnelsen rockepoet. Ein strålande norsk artist»

Tom Roger Aadland kan dermed leggja bak seg ei spent veke, for når Dagsavisen, NRK P1, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen, Trønder-Avisa, Haugesunds Avis, Hamar Arbeiderblad, Tysvær Bygdeblad og Dag og Tid alle som ein trillar fem på terningen, kan Aadland senka skuldrene og konsentrera seg om turneen som allereie er i gang.

Den 14. mars kjem han til Skakkesenteret i Etne for å halda konsert.

Les saka i Grannar!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58
ANNONSE