Veterinærinstituttet åtvarar mot import av levande storfe til Noreg, for å hindre spreiing av kugalskap.

NTB-NPK
NTB-NPK

Sjølv om alle dyr blir kontrollerte grundig før dei kjem inn i landet, kan kugalskap bli oppdaga først etter nokre år, seier beredskapsdirektør Jorun Jarp i Veterinærinstituttet.

– Kugalskap har ein veldig lang periode frå eit dyr blir smitta, til sjukdommen bryt ut, seier ho til NRK.

LES OGSÅ: Ku-trim til 250 millionar kroner

Høgrisiko
Sist veke vart det kjent at det er mistanke om at ei ku på ein gard i Nord-Trøndelag var smitta av kugalskap. Dersom prøvane viser at kua hadde kugalskap, er det første gong denne sjukdommen er påvist i Noreg. Kua, som no er destruert, var mellom 15 og 20 år gammal og skal ha vorte kjøpt i Sverige. Kalvar frå denne kua er selde til andre norske gardsbruk.

Veterinær og fagsjef Nina Svendsby, som har ansvar for kontroll av importerte dyr til Noreg, meiner bønder ikkje bør importere levande dyr i det heile.

– Risikoen for at smittsame dyresjukdommar følgjer med er høg, seier ho.

LES OGSÅ: No kan laksen smake gris

Fire gardar i karantene
Det er EØS-avtalen som opnar for import av levande dyr. Etter ein kraftig auke i innførselen av storfe til Noreg på 90-talet, har importen gått betydeleg ned. Dei siste femten åra er det berre importert 160 levande storfe.

Fire gardar i Trøndelag og Oppland er sett i karantene fram til Mattilsynet får svar på om den aktuelle kua hadde sjukdommen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE