Anne Margrethe Birkeland veit korleis det er å vera vikar. I dag er ho klar til kamp mot endringane i arbeidsmiljølova.

Olav Røli, Sunnhordland
Olav Røli, Sunnhordland
Faktaboks

►I desember 2014 la regjeringa fram forslag om endringar i Arbeidsmiljølova.
►Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) seier endringane gir ein arbeidsmiljølov som er meir moderne og meir tilpassa dagens arbeidsliv. Endringane vil ifølgje han gje auka fleksibilitet og arbeidstakarane auka innverknad over eigen arbeidskvardag.
►Dei viktigaste endringane går mellom anna på bruk av mellombelse stillingar, arbeidstid, alder, strafferammer og rett til kollektivt søksmål.
►Både LO, Unio og YS går klart i mot forslaga. Det gjorde også Arbeidstilsynet, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Petroleumstilsynet.
►Arbeidsgjevarorganisasjonar, minus Spekter, var positive.
►Endringane har sett fagrørsla i harnisk, og i dag, onsdag, mellom 14 og 16 vil organiserte i LO, Unio og YS, gå ut i politisk streik.
►Desse organisasjonane organiserer over 1,5 millionar medlemmer i ein rad sektorar i arbeidslivet.

Kjelde: Arbeids- og sosialdepartementet (ad.dep.no) og mittarbeidsliv.no

LES FAKTALUKK FAKTA

I dag, mellom klokka 14 og 16, samlast fagorganiserte over heile landet for å demonstrera mot endringane i Arbeidsmiljøloven som regjeringa har foreslått. Der vil ein mellom anna gjera det lettare å tilsetja folk mellombels. 

Ei av dei som kjem til å vera til stades på streiken er Anne Margrethe Birkeland, tillitsvald ved Langeland skule i Stord kommune.

Kausjon
Ho jobbar i dag som lærar ved Langeland skule og er fast tilsett. Men slik har det ikkje alltid vore. I fleire år har jo vore vikar, og veit alt om korleis det er. 

– Sjølv om eg kanskje har vore heldigare enn andre, er det mange ting ved det å vera mellombels tilsett som ikkje like kjekt. Ein kan mellom anna ikkje gå i banken og spørja om lån, utan at ein har foreldre som stiller opp som kausjonistar. Det er ikkje noko kjekt å vera over 30 år og vera nøydd til å be foreldra om å kausjonera, seier ho. 

Les også: Slik blir streiken på Stord

Birkeland meiner streiken i dag handlar om framtida i arbeidsmarknaden. 

– Men den nye loven skal jo gjera det enklare for folk å komma ut i jobb?

– Kanskje det vert lettare å tilsetja folk mellombels med dei nye endringane i loven. Men det vert og lettare å seia dei opp. Og det vert lettare å bruka mellombels tilsette i prosjekt til dømes, seier ho.

Inge Øpstad i El & IT-forbundet stiftar plakatar og gjer seg klar til streik. Foto: OLAV RØLI

– Ta med ungane

Birkeland var måndag mellom dei mange i fagrørsla som stilte opp for å klargjera for streiken onsdag. Plakatar vart stifta fast på plankar, og strategiar vart lagt. 

– Kor mange plakatar me har? Ja, er det ikkje rundt 100? Altfor lite, seier Knut Jørgen Kvilhaugsvik, styremedlem i LO Sunnhordland.

Les også: Lurt å halda bilen vekke frå sentrum under markeringa

Han håpar at over 1.500 personar vil ta turen på streiken. At dei er med og rammar skular, barnehagar, og kollektivtilbod med streiken, meiner han er enkelt å gjera noko med. 

– Ta med ungane og kom på streik, oppmodar Kvilhaugsvik. 

Tor Jæger Koppang, leiar i Utdanningsforbundet Stord, hevdar dei føreslegne endringane i arbeidsmiljøloven er eit reint prestisjeprosjekt frå regjeringa si side. Han trur ingenting på at endringane i lova skal gjera det enklare for folk å komma ut i jobb. 

Debatt: Forsvar arbeidsmiljølova!

– Allereie i dag er det for mange mellombels tilsette, og endringane vil spesielt gå utover dei unge arbeidstakarane som ikkje vil få fast jobb, meiner Koppang.

Atle Tranøy meiner den nye arbeidsmiljøloven inneber eit kursskifte i arbeidslivet. Det er spesielt dei useriøse delane av arbeidslivet han fryktar. Foto: OLAV RØLI

Kursendring

Atle Tranøy, hovudtillitsvald i Aker ASA og leiar for Fellesforbundet Sunnhordland, har vore i fagrørsla i mange år. Han hugsar ikkje at det tidlegare har vore ei så brei markering mot eit lovforslag. 

– Dette er første gongen at alle desse organisasjonane går ut i felles streik, seier Tranøy. 
Han meiner forslaga om endringar i arbeidsmiljøloven markerer ei kursendring i arbeidslivet, og at endringane tidlegare er prøvd i andre land i Europa, utan hell.

– Korleis trur du arbeidsgjevarar vil ta i mot desse endringane?

– Mange arbeidsgjevarar har allereie i dag tødd strikken langt når det gjeld mellombelse tilsetjingar og arbeidstidsbestemmingar. Men det eg fryktar spesielt med dei nye endringane, er dei useriøse aktørane i arbeidslivet. Det er spesielt i den sektoren at konsekvensane vil komma, seier Tranøy.

Debatt: Vil ministeren at me skal døy med støvlane på?

Les saka i Sunnhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE