Tabbe lamma mobilnettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årsaka til at store delar av mobiltrafikken vart lamma 30. oktober i fjor var rett og slett ein velkjend veikskap i ei programvare og ein uheldig teknikar, skriv Aftenposten. Resultatet vart at store delar av mobiltrafikken i Noreg vart lamma, også kundar i andre mobilselskap vart hindra frå å ringe eller sende tekstmeldingar til Telenor-abonnentar.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

I ein rapport til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) som Aftenposten har fått innsyn i skriv Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit at hendinga «avdekte alvorlege svakheiter».

Bakgrunnen for mobilkollapsen var heilt enkelt ein kunde i Telenor som skulle ha nytt sim-kort. Rutinemessig måtte selskapet då endre abonnentdatabasen der all nødvendig data for å ringe, sende tekstmeldingar eller opprette datasamband, ligg.

LES OGSÅ: På denne skulen er det forbod mot mobilar

Men dataa til kunden vart øydelagde då opplysningane skulle leggjast inn, noko som skjer kvar dag og som kjem av ein velkjend veikskap i programvara Telenor brukar til å oppdatere data om eksisterande abonnentar. Etter at kundebehandlaren ikkje klarte å gjere jobben ein gong til, gjekk Telenor-leverandøren inn i systemet for å slette feilen manuelt, men uheldigvis vart feil data sletta og eitt av dei største mobilsamanbrota i Noreg var eit faktum.

Telenor opplyser at selskapet har evaluert samanbrotet og foreslått fleire tiltak. (©NPK)

LES OGSÅ: Er app-tida over?